DnF presenterer nye medlemmer №17: Lars Petter Sveen

– Ja, det kan ein kanskje seie. Det er jo alltid nokon som seier at novella er død, eller at fleire burde lese noveller. Det…

Lars Petter Sveen (f. 1981)

– Ja, det kan ein kanskje seie. Det er jo alltid nokon som seier at novella er død, eller at fleire burde lese noveller. Det er eit spenn mellom dommedagsmessinga over sjangeren, og dei utallige kommentarane om at sjangeren kan vere eit godt pedagogisk verktøy for å fremme lesing.
– Kvifor er det slik?
– Eg trur kanskje vi er litt låst fast i skolevesenet si vektlegging av Hemingway og Askildsen sine noveller, og den tronge forma som desse har perfeksjonert. I samband med dette har det kanskje vokse fram eit bilde av noveller som noko traust, at det ofte er historier som er dramatiske, men stilleståande. At noveller er bundne til realismen og det kvardagslege livet. Men dette verker til å vere i forandring når ein ser på dei nye novellesamlingane som har komme dei siste åra.
– Nokre forfattarar snakkar om at dei har ein poet-natur, eller at dei er romanforfattarar. Kan ein tenkje på den måten om det å vere forfattar, synest du?
– Ja, det trur eg. Forfattarar leiter kanskje etter eit rom dei kan skrive frå, og når dei finn dette rommet, så kan ein perfeksjonere seg der. 
– Kva rom trivst du best i som forfattar?
– Eg jobbar framleis hardt med å finne mitt rom, og eg har nok ikkje funne det enno. Eg har skrive to bøker der eg leiter, og så får eg sjå kor lenge denne leitinga vil halde fram.
– Skriv du noveller no?
– Nei, eg skriv ikkje noveller no.
– Du, Edvard Hoem og Øystein Hauge er nokre av forfattarane vi har som kjem frå Fræna. Er det noko med Fræna som får fram litteratur?
– Nei, eg trur ikkje det. Men Fræna er magisk, det er noko med lyset og mørkret der, noko eg ikkje greier å forklare. Da eg las Hundre års ensomhet, tenkte eg at ja, slik er det i Fræna! Så kanskje det er noko av dette som har fått enkelte av oss til å skrive.
– Kvifor blei du bibliotekar?
– Eg har ein draum om å kunne leve av det å vere forfattar. Fram til det skjer, treng eg ei inntekt, og bibliotekarprofesjonen er edel, viktig, og jævlig deilig. Biblioteka fremmer demokrati på alle måtar, og så er det eit stort privilegium å jobbe i ein institusjon som blir brukt av over femti prosent av det norske folk. Og det er folk frå alle lag i samfunnet! Kvifor ta ein master i litteraturvitskap for å jobbe i ein bokhandel, når ein kan ta bachelor i bibliotek- og informasjonsvitskap og jobbe på eit bibliotek? Tenk om bibliotekarutdanninga hadde fått ein så høg status som ho fortener.
– Kan du bli metta på bøker?
– Ja.