DnF presenterer nytt medlem № 29

  Sundag heldt DnF sin årlege julemarknad. Mellom postar på eit rikhaldig program, fekk vi til ein nettprat med Tromsø, nærmare bestemt eitt av våre…

Foto: Marie Haugen

 

Sundag heldt DnF sin årlege julemarknad. Mellom postar på eit rikhaldig program, fekk vi til ein nettprat med Tromsø, nærmare bestemt eitt av våre nye medlemmar. Kjersti Kollbotn kom meg i hug fordi også Tromsforfattarar har heldt ein julemarknad. Den var organisert av Norsk Forfattersentrum. 

– Fekk du selt ei bok?

– Eg fekk faktisk selt fem bøker(!). Men det artigaste var at vi var så mange i lag, og at det kom folk innom, og at det var god stemning. Enn i Oslo, var det vellukka og fint?

– Leiar i DnF, Sigmund Løvåsen, og kontorleiar Kjersti Bennett har spontanuttrykt glede og overrasking over kor mange som kom. Og fine er dei, Edvard Hoem i dress, Henning H. Bergsvåg i hatt, Jan Erik Vold i tøysehumør og Cappelen Damms Herdis Eggen med barnebarn i handa. Sjølv kom du heile vegen frå Tromsø til medlemsmøtet til DnF no i november. Betyr det at du vil halde kontakten med eit kollegium no som du er medlem i DnF?

 – Ja, eg hadde det fint på mitt første medlemsmøtet. Tykte det var ein innhaldsrik laurdag med seminar og gruppearbeid. Fredag ettermiddag hadde nye medlemmar og årets debutantar eit eige opplegg ilag. Folk var inkluderande. Kjem til å delta seinare også, det er heilt klart. Her i Tromsø har vi eit ganske stort, og svært aktivt litterært miljø. Dette er eg ein del av. Det er lurt for helsa. 

Ut frå erfaringa, som eg var så heldig å få i 2010 ved å få delta på Biskops Arnö, så meiner eg at det er ein viktig litterær arena både for det etablerte, og for det gryande litterære livet. Viktig fordi ein lærer av kvarandre. I møte ser ein ulikskapar og likskapar, oppdagar nokre nyansar, får sett sitt eige i eit anna lys.

Om det skulle forsvinne, ville det vere trasig, og eg vil tenkje: Kor flaks eg hadde, då, som fekk denne opplevinga med meg i tide. Men eg vil også tenkje: Det må vel vere viktigare enn nokon gong å byggje kjennskap og vennskap på tvers av grenser. Ikkje byggje ned og bort.

– Ja, i lag med eit par andre Kjerstier, t.d. Rorgemoen og Annesdotter Skomsvold, var du invitert til debutanttreff på skulen Biskops Arnö i Sverige. Kan du fortelje litt om det?

– Stor var overraskinga over å få invitasjon til reise dit. Det vart fem fine dagar. Godt opplegg. Kjekke folk. Fint å treffe skrivande frå dei andre nordiske landa – sjå og høyre kva dei held på med. Eg har alltid likt verkstadar med tekstlesing og tekstkritikk. Det gjorde vi også der – i grupper samansett på tvers av landegrenser. Slik fekk ein også plassert seg sjølv inn i noko større og breiare enn berre framfor eigen skjerm, tilfeldig påkledd og udusja.

– Eg er ikkje særleg god til å halde kontakt med folk, men eg hugsar dei fleste av dei ca. tjue som var på debutantseminaret. Dei gjorde inntrykk både med tekstane sine, og som personar. 

– Korleis var det elles å debutere det året, 2009?

– Jøss, ja, det var underleg. Eg har frekventert ikkje mindre enn tre forfattarstudium, det første allereie i Bø i 1991. Eg har nok litt tungt for det, brukar eg seie. Vel, ei anna side av saka er at eg dreiv på med så mange andre aktivitetar,  at konsentrert skriving kom litt bak i leksa i mange år. 

– Har du tungt for det? For kva då? Å lære generelt? Eller skriving?

– Ja, kva skal ein seie til slik langvarig utløysingstid som dette: Forfattarstudium i Bø 1991, Tromsø, grunnstudium 1998/1999. Tromsø, påbygging 2004/2005. Og så debutant først 2009. Eg fylte ein PC med ufullførte manus og fillete tekstar medan eg tente pengar i akademia, i byråkratiet, og til slutt i eige firma. Liv Lundberg, professor ved forfattarstudiet i Tromsø, tipsa meg om at eg måtte kome meg vekk frå det ikkje-litterære språket. Så det gjorde eg. Nesten. Eg bestemte meg for å bruke bokmål i fagarbeid, og nynorsk til litteratur. Slik prøvde eg å unngå å "grise til" nynorsken min. Og skrivinga gjekk faktisk lettare etter kvart. 

Eg har vel hatt litt tungt for å bestemme meg for fokus. Far min føreslo eg skulle bli eit skrivande menneske då eg var atten og skulle velje utdanning. Mor mi sa eg ville eigne meg som sivilingeniør. I mange år høyrde eg på mor. Så tok eg til å høyre på far. Begge retningar har vore spennande. Det er greitt å stå litt breitt. Eg er glad i mange ulike arenaer, med vidt ulike menneske og innhald.

Eg skriv relativt lett i den elleville førsterunden. Når eg tek til å foredle, går det tyngre. Men foredlingsfasen er likevel den beste. Det kan samanliknast med å gå oppover stupbratte fjellsider på Vestlandet.

Kva betydde det då å få ut den første boka si?

Det å debutere var fantastisk. Lukke og glede. Boka fekk også mykje merksemd, og det var moro. Eg har ofte lurt på kvifor det å kome ut med ei skjønnlitterær bok overgår det meste anna i livet. Nesten på grensa til noko "sjukleg"? For min del handlar det om å lukkast med å skape noko frå grunnen av. Slik er det kanskje med dei fleste.

– Ein snakkar om at nordmenn er glade i primitivt hytteliv, i å fyre i peis, hente vatn, osv. Kan det å bygge eit litterært rom frå grunnen av likne, trur du?

–  Eg kjenner meg mest vel når eg greier å vere konkret i skrivinga. Finne ord og setningar som det luktar av, om det er lukte det skal, vel og merke. Eg kjem frå eit småbruk med småbrukarslekt langt attende. Har vakse opp tett på natur, mold og dyr, og med mykje fysisk arbeid. Fysisk arbeid er velvære, og det er eit sakn. Kroppen er dytta inn i eit kott og han saknar oppgåver. Det saknet trur eg generelt vil bli sterkare og sterkare i framtida. 

– Når det gjeld ein eventuell samanheng mellom å byggje eit litterært rom frå grunnen av, og det opphavlege, trur eg heilt klart det kan ha med kvarandre å gjere. Ein må inn dit der det konkrete er, der det tilsynelatande enkle og basale er, der støyen frå "alt anna" ikkje slepp inn. Utføre konkrete oppgåver langsamt, med konsentrasjon, og ein ting om gongen. 

– Men ein "gjeng" vart ikkje eg ein del av. Ingen fleire debutantar frå Tromsø det året. Men eg trefte igjen nokre av dei på medlemsmøtet no i haust. Det ligg eit fint fellesskap i det å debutere. Det er spesielt for alle, trur eg.