– DnF treng essayistane sine

Tor Eystein Øverås er skjønnlitterær forfattar og essayist, og byrjar framlegget sitt med ei skisse av historia til essayistikk. Internasjonalt først, så nasjonalt:  – ……

Tor Eystein Øverås. Foto: Tom Egeland

Tor Eystein Øverås er skjønnlitterær forfattar og essayist, og byrjar framlegget sitt med ei skisse av historia til essayistikk. Internasjonalt først, så nasjonalt: 

– … og så kjem boka til (Arne, red anm) Melberg: “Essays”, seier Øverås, og fortel kva essayistar som går gjennom Melbergs nålauge:

– Vinje, Colett, Kiær, Johannessen, Undset og Gunhild Øyehaug. Frå å vere ein mannssjanger har det blitt ein menneskesjanger, seier Øverås, hevdar så at essayistar sine kår er vanskelege innanfor DnF, og spør så: Korleis kunne essayet falle heilt ut av DnF? Øverås forte: «Sidan den faglitterære innkjøpsordninga vart byrja forsøkt, frå 2006, permanent etablert frå 2009, blei essayet løfta ut frå innkjøpsordninga for skjønnlitteratur og til faglitteratur. Essayet tel då heller ikkje som ein del av grunnstipendordninga til DnF.» Øverås er uroa for at essayistikk ikkje blir kjøpt inn av Kulturrådet. Ein essayist kan sitje att med 15-16000 kroner som minstehonorar. Øverås nemner bøker av høg litterær kvalitet som ikkje er kjøpt inn, og uttrykker uro over at forfattarane blir forbigått økonomisk og distribusjonsmessig. Han hevdar at DnF “dumpar essayistane sine”.

– Forfatterforeningen treng essayistane sine. 

Er essay fiksjon? Essayet kan ha ei fiktiv ramme. Det er elles ei sanning som iblant (berre) er forfattarens sanning. 

Men det finst andre essays, viser Øverås, og viser eit døme, som Trond Berg Eriksens essay, som er skrive med ein annan kontrakt med lesaren, og kan, seier Øverås, være mindre av eit språkprosjekt, og må vere meir stringent: “Det personlege (skjønnlitterære) essayet kan tillate seg å gå seg vill og handle om noko anna enn det som var planlagt. Det sakprosaiske essayet kan ikkje gjere dette.”

– Essayistane har blitt b-medlemmar i Forfatterforeningen, seier Øverås, og seier at om vilkåra blir som dei er, ville det “vore logisk for meg å melde meg ut av DnF og inn i NFF”.

Meir om essayet

fullsizerender_0.jpg

Kva er eigentleg eit essay? Kva er eit godt essay? Dette spørsmålet har Tone Selboe fått i oppgåve å halde framlegg om. 

Essayistar er ikkje redde for å seie “eg”. Essayisten er peripatetisk, er omvandrande. Essayisten kan vere ei reise i tid og rom. Montagnes syn på essayist kan vere meir romantisk, påpeiker Selboe, enn det som ho har: “Forfattaren som trekt attende til tårnet sitt,” kallar Selboe det meir romantiske synet. Men det er ikkje essayisten, i Selboes definisjon. 

Mellom det personlege og allmenne, mellom det egne og det som er felles. 

“Han taler deri for meget om seg selv”. Det personlege er i skrivemåten. 

Selboe tar Virgina Woolf fram som eit døme på den som gjer dette. Eit døme er Wolfs “Indiskresjoner og andre essays”

“Forsvaret for sjukdommens plass i skjønnlitteraturen kan likne forsvaret for essayistikkens plass i skjønnlitteraturen.”

“Å vere essayist er, på eitt vis, å vere ein opprørsk og regimekritisk skrivar,” seier Selboe, og viser igjen til Woolfs essay. “Den sjuke er ein desertør,” seier Selboe.  

Hos Gyldendal forlag er essayistikk vurdert av skjønnlitterær avdeling. Dei gir ut 2-3 essaysamlingar i året. Kari Marstein er sjefsredaktør i skjønnlitterær avdeling i Gyldendal. “Essayet bør vere ein del av den skjønnlitterære ordninga, seier Marstein, og legg deses kriteria til grunn for den avgjersla: kven som skriv dei, kven som les, kva som blir skrive. 

Leiaren i DnF, Sigmund Løvåsen, spør: Er essay ein form for samling av publiserte og ikkjepubliserte artiklar og avisessays som forfattarar gir ut kvart tiande år?

Øverås snakkar ut i frå sin innstilling til essayet, som er å komponere essayet eller essaysamlinga medvite.