Dommen frå Østre Landsret: – «Suverænen» er fiksjon.

Den danske forfattaren Helge Bille Nielsen tok namnet "Claus Bech-Nielsen" frå dørskiltet til den tidlegare leigebuaren i bustaden han flytta inn i. Leigebuaren hadde gått…

Den danske forfattaren Helge Bille Nielsen tok namnet "Claus Bech-Nielsen" frå dørskiltet til den tidlegare leigebuaren i bustaden han flytta inn i. Leigebuaren hadde gått bort. Nokre år seinare skreiv han romanen Suverænen basert på biografien til ein tidlegare venn av seg, Thomas Skade-Rasmussen Strøbech. Strøbech saksøkte Nielsen, danske Gyldendal, og også norske Oktober, som gav ut boka på norsk. I dag blei det avgjort og gjort kjent at Forfattaren Nielsen, og forlaga Oktober og Gyldendal vann rettssaka. Kva betyr dette for litteraturen – på eit prinsipielt grunnlag?

Det skal handle om den danske forfattaren, han som tematiserar dette med identitet, og som det er vanskeleg å omtale med det rette namnet. I passet hans står det i dag Helge Bille Nielsen. Men dei fleste vil kjenne han som Claus Bech-Nilsen. Dette er psevdonymet han har virka under sidan namnet som sto på namneskiltet til ein bustad han flytta inn i. Den virkelege Bech-Nilsen var daud. Forfattaren som flytta inn har brukt dette namnet under lanseringa av ei rekke bøker. Ei lang historie kutta kort: "Claus Bech-Nilsen"/ Das Beckwerk/ gjekk på forfattarskulen i København, og har sidan vore forfattar og kunstnar. Blant dei mange prosjekta hans, er det verdt å nemne ein tur han gjorde til Irak. Saman med dåverande venn Thomas Skade-Rasmussen Strøbech, reiste han over til eit Irak i sjokk etter store omveltningar. Det var eit Irak som skulle bli bygga opp frå grunnen av. USA var der for å "hjelpe til". Beckwerk kom også. Med seg hadde dei ein svart boks som skulle symbolisere demokratiet. Mellom anna. Seinare har "Claus Bech-Nilsen" erklært seg sjølv formelt – ikkje medisinsk – daud, og har no sist skrive ein autofiksjon med Strøbech som hovudperson. For denne boka blei han saksøkt, og har stilt i retten. Det danske radioprogrammet "Skønlitteratur på P1" brukte ein heil time til denne saka tidlegare i månaden. Ein spekulerte: Kan "Claus" virkeleg bli dømt? Og kva vil det i tilfelle bety for skjønnlitteraturen som displin? Konklusjonen i programmet var at det ville ryste det skjønnlitterære feltet. Det ville i tilfelle få altomgripande konsekvensar, og bli debattert over heile verda. Men det vil heller ikkje gå umerkt forbi at Nielsen og forlaga vann saka: Litteratureksperter mener at avgjørelsen i Østre Landsret vil få stor
betydning for den moderne litteratur, der det er blitt stadig mer vanlig
at forfatterne går svært tett på virkelige personer og begivenheter,
skriv Aftenposten i dag. I pressemeldinga frå Østre Landsret, som er saksa frå avisa Information, står det mellom anna: Ved afvejning af Thomas Skade-Rasmussen Strøbechs interesse i at
beskytte oplysninger af rent privat karakter over for hensynet til den
kunstneriske ytringsfrihed har landsretten på den ene side lagt vægt på,
at Suverænen i det hele er fiktion, og at værket er et kunstnerisk
udtryk for deltagelse i en debat af samfundsmæssig interesse og på den
anden side, at de oplysninger, som Thomas Skade-Rasmussen Strøbech
ønsker beskyttet, enten er af mindre følsom karakter, eller allerede er
offentligt kendt.