Du å?

Æ e i A æ.  Æ e i A æ å.  Dette er ein vanleg vits frå skular i Trøndelag. Dekryptert: Eg er i "A",…

rune_christiansen

Æ e i A æ. 

Æ e i A æ å. 

Dette er ein vanleg vits frå skular i Trøndelag. Dekryptert:

Eg er i "A", eg.

Eg er også i "A".

ÆÅ er ein litteraturfestival i trønderhovudstaden akkurat no. Blant gjestane på poesibiennalen er m.a. førårsdebutanten Frøydis Solli Simonsen. Ho fekk mykje merksemd for den prosalyriske punktboka Hver morgen står jeg opp fra havet. Ho er også teikneserieskapar og illustratør. Av programpostane der ho er deltakande, er m.a. ein med forfattarane og kjærastane Rune Christiansen og Mona Høvring. Dei to sistnemnte har hatt gjennombrot som forfattarar no. Høvring var nominert til Nordisk Råds Litteraturpris i fjor. Christiansens siste roman Ensomheten i Lydia Ernemans liv gav forfattaren Brageprisen, nominasjon til Kritikerprisen, P2-lytternes romanpris og Ungdommens Kritikerpris. Mellom anna. 

Linda Klakken er på programmet til ÆÅ 2015.