Du – i Adrianstua frå 2013?

Trondheim kommune har sidan 1998 stilt forfattaren Kristian Kristiansens tidlegare bustad ”Adrianstua” til rådvelde som forfattarbustad. Dagens bebuar, Arild Vange, flyttar ut i februar/mars og vi søkjer derfor etter ny bebuar i huset.
Buperioden er sett til 5 år, men bebuaren kan etterpå søkje om å få bu i ein ny periode i konkurranse med andre søkjarar.
Bustaden inneheld stue, kjøkken, 2 soverom og bad, pluss diktarstua ”Jesperstua”. Bustaden er klar til innflytting i mars 2013. Leiga er i dag på 4242 kroner pr. månad.

Den som får tildelt bustaden, må ha tilknyting til Trondheim og vere innstilt på å bu fast i huset i buperioden.
Opptaks- og stipendkomiteen i Trøndersk Forfattarlag vurderer søknadene og innstiller kandidat. Trondheim kommune, avd. Kultur, godkjenner forslaget.

Spørsmål om Adrianstua kan rettast til
Åsmund Forfang, tlf. 913 25 872, e-post: aforfang@gode-manus.no
Bjørn-Erik Hanssen, tlf. 924 44 832, e-post: hanssen@skrift.no

Søknaden skal sendast skriftleg til
Opptaks- og stipendkomiteen i Trøndersk Forfattarlag,
v/Tale Næss,
Krangt. 2
7014 Trondheim.
Søknadsfrist: 15. august 2012

Formålet med Adrianstua
Å ta vare på Adrianstua som kulturminne og gjennom dette heidre forfattaren Kristian Kristiansen.
Støtte opp om forfattarmiljøet og litteraturen i Trondheim ved å gje forfattarar med tilknyting til kommunen sjansen til å bu og skrive i Adrianstua.

Kriterium for utveljing av bebuar i Adrianstua
Bebuaren skal ha tilknyting til Trondheim.
Bebuaren skal ha forfattarskap som hovudarbeid.
Stipendkomiteen skal ta omsyn til litterær produksjon.
Bebuaren skal vere innstilt på å bu fast i Adrianstua i buperioden, som er 5 år.
Dersom to kandidatar står likt, vil inntektsforhold spele ei vesentleg rolle.