E-bøker og innkjøpsordninga

Medlemma i Norsk Kulturråd møtast i dag, tysdag, og i morgon, onsdag, for årets tredje rådsmøte. På sakslista, som er tilgjengeleg på internett, står mellom anna "rapport om e-bøker og innkjøpsordninger"; ei sak som er aktuell for mange av DnFs medlem, og som følgjer opp tema frå eit tidlegare møte. I rådsmøtet frå 4.

footer_logo

Medlemma i Norsk Kulturråd møtast i dag, tysdag, og i morgon, onsdag, for årets tredje rådsmøte. På sakslista, som er tilgjengeleg på internett, står mellom anna "rapport om e-bøker og innkjøpsordninger"; ei sak som er aktuell for mange av DnFs medlem, og som følgjer opp tema frå eit tidlegare møte. I rådsmøtet frå 4. februar blei det lagt fram eit notat om e-boka, skrive av forfattar og rådsmedlem Harry Olsen. Notatet følgjer opp ein større rapport som Olsen skreiv på oppdrag frå rådet i 2009.
Som vanleg vil ein i også dette rådsmøtet behandle "tilrådninger" frå Fagleg utval for litteratur, samt saker frå ankenemda for skjønnlitteratur. Rådet møtar kulturministar Anniken Huitfeldt etter møtet, altså torsdag.