Eg er ingen ynkrygg

Det finst ein påfallande parallellitet mellom mentalitetsutviklinga i den norske skulen dei siste femti åra og den posisjonen skjønnlitteraturen har fått i samfunnet, skriv DnF-leiar Sivert Nesbø.

I

I eit essay i boka «Øer av intensitet i et hav av rutine» (2004), omtalar den tyske pedagogikkprofessoren Thomaz Ziehe dei store endringane i nordeuropeisk skulekultur, og som i alt vesentleg er analog til utviklinga i norsk skule, som har funne stad sidan 1970-talet og fram til tusenårsskiftet. I dei tiåra som har gått sidan Ziehe si bok kom ut, har utviklingstrekka halde fram i same leia.

Om ein jamfører dagens skule med skulen for femti år sidan, er det mykje som framleis er sams, om ein ser på det som har med organisering og struktur å gjere: bygningsmasse, klasseinndeling, inventar, timeplanar, faggrenser og så bortetter. Den store skilnaden har skjedd på mentalitetssida, og knyt seg til dei overgripande endringane som har funne stad i samfunnet og som mellom anna kan finnast att som avtradisjonalisering, nedbygging av hierarki og individualisering.

Tre søyler som tidlegare bar skulen som mentalitetsinstitusjon, har no vorte svekka, i følge Ziehe: I langt mindre grad enn før finn ein no eit fastlagt fagleg innhald i form av ein kanon basert på dei mest vesentlege kulturelle overleveringane, noko som særleg er merkbart på språkområdet. Kanskje enno viktigare er den svekkinga av skulens aura som har funne stad, som syner seg som manglande grunnleggjande age for dei vaksne og for verda til dei vaksne og den kunnskapen dei ber med seg og søker å formidle gjennom undervisninga. Til sist har det òg skjedd ei svekking av konseptet askese som mentalitetsmønster, altså eit krav til dei unge om å halde sin eigen behovshorisont tilbake, til fordel for institusjonen sine krav og krava til ei langsiktig planlegging av tilværet.

Poenget med å nemne desse faktorane, kanon, aura og askese, er ikkje å stille opp eit bilete av farne tider, og argumentere for ei tilbakevending til noko som uvegerleg er forbi. Eg trur det er noko langt viktigare som står på spel, og svekkinga av desse tre søylene er eit uttrykk for ein djupare og meir inngripande prosess. Ziehe hevdar at kanon har måtta vike for ei større grad av livsverdsnærleik i læringssituasjonane og læringstemaa. Auraen er erstatta av ein meir uformell omgangs- og åtferdsstil. Og askesen hos elevane er fråverande og erstatta av eit ønske om subjektiv livsverdnærleik. Hjerneråte forårsaka av omfattande mobilbruk har ytterlegare svekka evna til askese.

Kva er problemet? Mykje av utviklinga harmonerer med endringar som har funne stad elles i samfunnet og er uttrykk for ei dreiing som i store trekk er demokratisk og egalitær, og som har overvegande sympatiske drag. Skulens føremål har endra seg, samfunnet har opna seg opp, eleven sine røynsler og behov har fått større plass. Det er i utgangspunktet vanskeleg å vere kritisk til dette.

Problemet er ikkje svekkinga av dei tre søylene i seg sjølv. Problemet knyt seg til at utviklinga syner teikn på å vere ein pedagogisk blindveg.

Resultata i skulen peikar i feil retning og har gjort det lenge. Vi har ei nasjonal, fundamental, høgst reell lesekrise. Ein altfor stor del av elevane er ikkje i stand til å lese på eit nivå som gjer at dei vil fungere i samfunnet. Mange går ut av skulen som funksjonelle analfabetar.

Det er lite som tyder på at ein kan halde fram langs same sporet og vente betra resultat: Om skulen i enno større grad legg vinn på ei uformell omgangsform, om subjektiveringa og den elevsentrerte livsverdsnærleiken aukar ytterlegare, om ein legg enno mindre vekt på overlevering av autentiske og eksemplariske tekstar og samstundes ikkje gjer nok for å styrke skulens aura, aukar ikkje nett sjansen for at eleven plukkar opp tjue framande bøker og les dei med utbytte.

Problemet er at livsverdsnærleik har vorte eit normalkrav hjå dei unge. Dreiinga mot det uformelle i relasjonane mellom generasjonar likeleis. Subjektiveringa har òg gripe om seg: det dreier seg om eit mønster for sjølviakttaking og spegling, og for at prosessar og omgrep må verte forstått ut frå eins eigen ståstad. Skulen kan ikkje møte dette med meir av det same. Han må vere noko anna. Og nett i det som representerer ei form for radikal annleisheit, finst det kanskje eit spor vidare.

II

Innleiingsvis skreiv eg at det finst eit samsvar mellom mentalitetssituasjonen i skulen og synet på litteratur i samfunnet. Lesekrisa er ikkje berre eit problem for ungdom; norske vaksne les òg mindre, kjøper færre bøker, nyttar mindre tid på litteratur i det daglege. Regjeringa har varsla kraftfulle tiltak: lesekommisjon, leseløft, papirbøker attende i skulen, ein snakkar om å byggje lesekultur. Alt dette er vel og bra, men kva er det eigentleg som konstituerer ein lesekultur og korleis kan ein gjere han verknadsfull? Kan nordmenn igjen verte eit lesande folk, slik vi ein gong var?

Kunst, og i denne samanhengen litteratur, tener funksjonar på fleire ulike nivå, for forfattaren, for lesaren og samfunnet. Litteraturen tener som eit laboratorium for språk, meiningar, ytringsformer og ytringsposisjonar, men er òg ei projeksjonsflate for det i samfunnet som enno ikkje har funne sitt mæle. Litteratur og språkarbeid har òg med den menneskelege evna til erkjenning å gjere. Ikkje minst er litteraturen eit arkiv og ein konkret minnespegel.

Alt dette er kjend og sjølvsagd.

Likevel er det slik at svært mykje av den litteraturen som vert produsert i vår tid er uvesentleg, i den forstand at han om kort tid kjem til å vere gløymd, og at han ikkje utvidar rammene for tenkinga vår. Dette er ikkje eit problem i seg sjølv; kunsten fungerer ikkje innanfor eit marknadsøkonomisk paradigme der alt skal verte optimalisert, innsatsfaktorane vere få og rimelege og avkastninga høg.

Kunstnarleg strev må vere fritt og forfattarar må ha høve til å ha dårlege dagar, dårlege år, dårlege tiår, dei må ha lov til å skrive elendige bøker, til å gjenta seg sjølv, til å freiste, undersøke og mislukkast. Det er ikkje mange forunnt å vite på førehand kva som kjem til å stå att av eins menneskelege freistnadar på å arbeide i det skapande. Så lenge ein har som ambisjon at det ein skaper skal ha verdi, at det skal søke kvalitet, har vi som samfunn stort tolmod med freistnadar.

III

Dei store språkmodellane har endra mykje når det gjeld korleis vi tenkjer kring språk og skriving. No, når forlag nyttar KI som redaktør- og illustrasjonsassistent, når bøker vert omsette av språkmodellar, når «forfattarar» promptar fram bøker som ikkje eingong vert lesne av «redaktørar» før dei vert gjevne ut, kva tyder det på? Først og fremst at det er mykje vi enno ikkje ser, men som føregår i det skjulte. Om vi skulle rive vekk teppet og sjå, ville vi oppdage at det sit menneske og nyttar språkmodellar for alt det er verdt til å lage plot, til å generere forteljingar, til å herme språk, til å samanstille informasjon og syntetisere.

Personleg er eg ikkje så bekymra for KI når det gjeld framtida til forfattarar. For andre kreative yrkesgrupper er utfordringane meir presserande. I første rekke tenkjer eg på illustratørar og omsetjarar, men òg her har vi moglegheit til å gjere eit arbeid politisk og på foreiningsnivå som vil ha verknad. For den sterke skapande skrivinga ringjer ikkje dommedagsklokkene heilt enno.

Då KI først byrja å verte synleg på litteraturfeltet for nokre år sidan var min første tanke: kva skal vi med det? Det tenkjer eg stadig, sjølv no, når ein kan få KI-agentar til å gjere det same som ein sjølv: skrive i eins eigen stil og tone, etter mønster frå eins eigne bøker, eins eigne tankeformer, berre utvida og «forbetra» og tilpassa kva variablar som helst. Kva skal vi med det? Ein ting er at det er mogleg, men kven skal lese desse bøkene? Kven kan vere det minste interessert i å lese ei bok som ikkje eit menneske har skrive, som ikkje eit menneske har levd gjennom? Spørsmålet er oppriktig. Korleis skal ei slik bok kunne gjere inntrykk på ein som lesande menneske? Når det ikkje finst ei menneskeleg historie attanom, når skrivaren ikkje har levd eit liv med røynsler og pinsler. Det at eit menneske har røynt eitkvart og freista å gje det språk, er det kanskje mest fundamentale skiljet mellom bøker som er skrivne av menneske og bøker som ikkje er det.

Så finst det òg ei anna og presserande side ved det paradigmeskiftet som KI-teknologiane driv fram: I tida framover kjem vi til å drukne i tekst. Fram til no har det allereie vorte gjeve ut så mange bøker årleg at eit menneske knapt er i stand til å orientere seg, enn seie lese sjølv ein brøkdel av det. Denne utviklinga kjem berre til å auke på, heilt til kjølebekkane til datasentra renn tørre, eller til vi som art innser at vi utarmar livsgrunnlaget vårt gjennom å generere enorme tekststraumar og fylle dei digitale massiva med overflødig middelmåtigheit.

I det eg skriv dette, sig det inn i meg med full tyngd at eg som forfattar alltid har funne meg i eit spenn, der den eine sida er trua på at ein har noko å seie gjennom skrift, og der den andre er den nagande kjensla ein heile tida har, av at ein med skrivinga si berre bidreg til flaumen av overflødig middelmåtigheit.

Men kanskje står vi ved eit punkt no, der det heile held på å snu, kanskje skjønar vi at vi ikkje har tid nok i livet til å kaste henne vekk på dusinvare.

Kanskje får vi oppleve at lesinga igjen vinn terreng, at forfattarar kan leve av å skrive og selje bøker, at litteraturen vinn attende auraen sin, at lesarane forstår at ein treng ei viss askese for å kunne utvikle seg som menneske. Kanondebatten er det ikkje plass til å ta her, eg nøyer meg med å seie at vi ikkje må gje kvalitetsomgrepet på båten i eit forsøk på å tilpasse oss tidsanda. Tvert i mot er det å insistere på kvalitet og på litteraturen sin funksjon som kunst, heilt avgjerande for kva posisjon han kan vente å ha i samfunnet framover.

Vegen vidare går gjennom å søke det eksepsjonelle, og å setje det seriøse arbeidet med språk i sentrum. Berre ynkryggar legg seg ned; det er framleis mykje som lyt verte skrive.

Essayet er skrive av DnF-leiar Sivert Nesbø, og stod først på trykk i Klassekampen, 11. juli. 2026.