«Eg er overraska, rørt og overvelda av glede»

– Med dette har eg fått sjølvtilitta som trengs for å ta mitt eige talent på alvor og å tørre å seie høgt at det er forfattar eg vil bli, seier Monica Goksøyr, årets mottakar av Tarjei Vesaas’ debutantpris.

Gratulerer med Tarjei Vesaas’ debutantpris! Kva gjorde du då du fekk vita at du var nominert?

Eg skreik og gjorde ein liten sigersdans. Så tok eg ein øl i byen med mine nye meddebutant-veninner.

Kva kjenner du akkurat no?

Eg er overraska, rørt og overvelda av glede! Etter eg fekk vite om tildelinga ropte eg til min 9 veker gamle son at «mamma har vunne ein pris». Han brydde seg ikkje stort. Så ringte eg kjærasten min og gret i telefonen. 

Er det rett ut for å kjøpa pennar og notatbøker, eller blir det kanskje ny laptop?

Haha! Allereie etter nominasjonen var eg på Elkjøp og såg på laptopar. Min gamle Mac bikkar snart 10 år og er ikkje heilt seg sjølv lenger. Notatbøker har eg altfor mange av. Eg forsøker å gi opp uvanen med å kjøpe ein ny kvar gong eg kjenner eit hint av inspirasjon. 

Kvifor skreiv du Slemme jenter? Når skjønte du at du sat på ei bok?

Slemme jenter starta som ei rotete samling tekster eg skreiv som elev på Aschehougs forfattarskule. Sidan har nokre av tekstene blitt vidareutvikla, nye har kome til og andre er skrella vekk. Det var fyrst då eg signerte bokkonttrakt eg forstod at dette faktisk kom til å bli ei bok. 

Korleis har det vore å debutera som forfattar?

Skummelt, absurd og stas! Plutseleg har eg hamna i litterære kretsar utan å føle at eg eigentleg har det faglege språket eller kulturelle kapitalen som skal til for å føle meg heilt komfortabel. Samtidig har debuten medført interessante møter og nye venskap. Og så er det jo frykteleg stas å bli sett og anerkjent for arbeidet sitt! Den kjensla unnar eg alle og einkvar! 

Har du nokre tips til andre som ønskjer å debutera skjønnlitterært?

Ikkje overvurder behovet for teoretisk kompetanse og ikkje undervurder den stemma som kjem frå magen, hjartet og tarmane. 

Korleis vil prisen påverka arbeidet ditt framover, trur du?

Prisen er avgjerande for mitt vidare arbeid. Med dette har eg fått sjølvtilitta som trengs for å ta mitt eige talent på alvor og å tørre å seie høgt at det er forfattar eg vil bli. I tillegg får eg ressursar til å faktisk begynne på eit nytt prosjekt.

Skriv du på noko nytt?

Tja, sidan eg nyleg fødte ein litan mann er skrivinga førebels på eit umodent og ustrukturet stadium. Prosjektet består per no av hurtige nedskriblingar i notatbøker og på telefonen, men i botnen av alt ligg ein større ide som eg gler meg til å utarbeide når kvardagen er litt mindre kaotisk.