«Ei strime av humanitet og omsorg»

 Først fekk han Sigmund Skard-stipendet. I dag fekk han Bjørnsonstipendet under Bjørnsonfestivalen i Molde. Det er nesten ikkje til å tru at det bare er…

Jan Roar Leikvoll

 Først fekk han Sigmund Skard-stipendet. I dag fekk han Bjørnsonstipendet under Bjørnsonfestivalen i Molde. Det er nesten ikkje til å tru at det bare er tre år sidan Jan Roar Leikvoll debuterte skjønnlitterært.

Han har gitt ut to romanar. Begge to relativt smale av omfang. Han seier mykje med eit presist og kresent språk. Meir om romanane frå grunngivinga til kommitteen: "I båe romanane blir mennesket plassert i ekstreme situasjonar der hovudmålet er å overleva, anten det er ein konsentrasjonsleir eller eit samfunn råka av krig eller miljøkatastrofe, eller båe delar. Alt av normale samfunnsstrukturar har brote saman, alt håp synest borte, mennesket blir konfrontert med både si eiga utsletting og verdas undergang; og i ein slik eksistensiell tilstand degenererer figurane til eit dyrisk stadium. Samstundes ber mennesket med seg minne frå ei anna tid, og desse minna, der refleksjon og moral, kultur og danning er viktige ingrediensar, utgjer ei motvekt til driftene og impulsane som elles styrer romanfigurane. Ei strime av humanitet og omsorg er tilbake, for eksempel gjennom den gamle bestefaren i Fiolinane, som innviar barnet til det vakre, til kunstens plass i livet, til draumen om noko anna enn det konkrete og brutale som omgir dei til dagleg."