Brynjulf Jung Tjønn: Ein kulturminister som viser forståing for korleis det er å vere kunstnar

Årets statsbudsjett vil ikkje endre liva noko særleg til norske skjønnlitterære forfattarar.
Men det viktigste signalet offentleggjeringa av statsbudsjettet ga oss, er at vi har ein
kulturminister som viser forståing for korleis det er å vere kunstnar.

Av Brynjulf Jung Tjønn, Leiar for Den norske Forfatterforening
Foto: Stortinget

– Det er krevjande tider, også for kunstnarane våre. Med denne prioriteringa vil vi sikre ein meir stabil og føreseieleg økonomi for fleire kunstnarar, innanfor alle sjangrar. Kunstnarar får ofte ikkje godt nok betalt for den jobben dei gjer, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery i ei pressemelding.

Og kanskje det viktigaste:

– Når inntektene er lave og økonomien er usikker, risikerer vi at det berre er dei mest privilegerte som vågar å satse på ei karriere innan kunsten. Det vil svekke mangfaldet, kunstens relevans og evna til å spegle befolkninga, seier Jaffery.

Desse signala frå Lubna Jaffery er kanskje det viktigaste med årets statsbudsjett. Eg vil rose kulturministeren for at ho viser stor forståing for kva som gjer det mogleg å arbeide som forfattar, og korleis det er å vere kunstnar i Norge. Det gir meg forventningar og håp for tida framover. Det er alltid krevjande å vere kunstnar. Difor er det viktig med sterk statleg finansering av kunstnarpolitikken. Og ikkje minst: Når det er stor økonomisk risiko, vil berre dei som har råd til å vere kunstnar kunne prioritere ein slik karriere. Det vil fort vere ei overvekt av forfattarar som allereie har god økonomi som kan skrive bøker. Men vi treng ein mangfaldig litteratur, både når det gjeld bakgrunn, sjanger og skriftspråk. Norge er eit lite språkområde, det er få bokkjøparar og mange forfattarar sel veldig lite. Men det til trass, den litteraturen som sel lite, kan ha stor verdi for lesarar og andre forfattarar. I litteraturen som sel lite, kan det vere gull.

Jon Fosse, som akkurat har vunne Nobelprisen i litteratur, selde også lenge lite i sin forfattarkarriere. Å skrive så kompromisslaust, og det attpåtil på nynorsk, er ikkje akkurat ein kommersiell suksessoppskrift. Men fordi Norge har den litteraturpolitikken vi har og fordi vi har den stipendpolitikken vi har, med det litterære rådet i Forfatterforeningen som les forfattarskap over fleire år og kan tildele stipend, kan Norge få fram forfattarskap av svært høg kvalitet, men som ville ha lidd under ein meir marknadsorientert litteraturpolitikk.

20 millionar ekstra til Statens kunstnarstipend for å opprette 44 nye stipendheimlar kjem godt med i ei tid kor det er ekstra krevjande å vere kunstnar. Dei fleste kunstnarar har lappeteppeøkonomi, og har ikkje det privilegiumet til å kunne forhandle om årleg lønsauke med sin arbeidsgjevar, slik dei fleste arbeidstakarar kan gjere. I år fekk dei fleste ei lønsauke på over 5 prosent, noko mesteparten av kunstnarar kan sjå langt etter. Då er det i alle fall eit positivt løft at eit arbeidsstipend aukar med 6,2 prosent, frå 299 289 kroner i 2023 til 318 352 kroner i 2024.

Men så skal desse heimlane fordelast på alle kunstnargruppene og vi får håpe at skjønnlitterære forfattarar vil bli prioritert denne gongen. Med ei medianinntekt på 140 000 kroner, er vi ein av kunstnargruppene med lågast inntekt. I 2023 handsama stipendkomiteen for dei skjønnlitterære forfattarane 734 søknader, ei auke på 76 frå 2022. Men talet på heimlar for arbeidsstipend gjekk samstundes ned frå 66 i 2022 til 64 i 2023.

Eg likar at kulturministeren vår er så oppteken av mangfald, av å spegle den norske befolkninga og at kunsten skal ha relevans. Det er det same som Den norske Forfatterforening også er oppteken av, og blant våre 750 medlemer er det nettopp eit stort
mangfald, frå den som skriv om å vekse opp i fattigdom i Oslo aust, til nynorsklyrikarar som kanskje sel 50 eksemplarer, til bestseljande krimforfattarar, til eksilforfattarar busett i Norge som skriv på eit anna språk, til ein fersk Nobelprisvinnar i litteratur. Norske forfattarar skriv litteratur i verdsklasse. Og i botn, saman med mykje talent, ligg også ei vellukka norsk
litteraturpolitikk, som i tida framover må styrkast i form av fleire stipendmidlar.