Aktuelt

– Eit eventyr

Sidan debuten i 1991 har Brit Bildøen levert sterke romanar, essays og gjendiktingar. Blant bøkene som har vore mykje lese og lovprisa, er Sju dagar…

c_ingeborg_stensli
Sidan debuten i 1991 har Brit Bildøen levert sterke romanar, essays og gjendiktingar. Blant bøkene som har vore mykje lese og lovprisa, er Sju dagar i august, Adam Hiorths veg, Litterær Salong og gjendiktinga av Gertrude Stein. Bildøen fekk Nynorsk litteraturpris (for andre gong) for Tre dagar til havet (2018), og også fått prisar som P2-lytternes romanpris, Samlagsprisen, Skardstipendet og Alfred Andresson Ryssts legat. Men det store gjennombrotet kan ein kanskje seie at kom med fjorårsromanen, som fekk strålande kritikkar, og som var med i vurderinga då ho vart ein av dei to forfattarane som fekk tiårig seniorstipend frå Statens Kunstnarstipend. Denne helga har ho dessutan vore sentrum for den store diktarfeiringa Dei litterære festspela i Bergen. Arrangementet er i regi Forfattersentrum, og foregår slik at festspeldiktaren får komponere sitt eige litterære program. Brit Bildøens minifestival presenterte mellom anna Bildøens “gullrekke”, der Agnes Ravatn og Ruth Lillegraven var sjølvskrivne deltakarar. På bildet ser ein Bildøen lese opp dikt i Gertrude Steins ande, akkopagnerert av fløyte ved Linda Eide og Ragnar Hovland. Hovland og Bildøen har til felles at gjennom mange år har vore hovudkonsulentar på Det norske Samlaget. Bildøen er elles kjent for mange som ein engasjert humanist, som m.a. sit i styret i PEN, var med i Forfatterforeningens Internasjonale utvalg, og var ein av fleire pådrivarar i oppstarten av Forfatternes Klimaaksjon, og som har vore med på å arrangere Klimafestivalen.