Per Olav Kaldestad opnar årsmøtet. «Norsk Forfattersentrum er ein organisasjon for aktive forfattarar som skriv i alle sjangrar,» seier Kaldestad, og informerer om ståda i aktiviteten: «Det blir stadig meir populært med forfattarmøte og -samtaler,» seier Kaldestad og avsluttar med å minne om forfattarar sin mulegheit til å vere sterke, modige og artikulerte motstraumsstemmer. Dagleg leiar Ingvild Christine Herzog følgjer opp med å innleie til Årsmeldinga 2015:
«Eit interessant, spennande og utfordrande år,» oppsummerer Herzog i innleiinga si: «Vi har aldri formdila så mange av dykk som vi gjorde i 2015. De har aldri tent meir pengar på formidling enn de gjorde i 2015. Vi ser at det auker i alle retningar. Bruk oss!» seier Herzog.