Eit kor kalla Rådet

Litteraturdommarane Det Litterære Råd. Formelt heiter dei DnFs sakkyndige råd i vurdering av litterær kvalitet. Dei tar avgjersler om medlemskap i DnF og fordeling av stipendmidlar. Denne…

Litteraturdommarane Det Litterære Råd. Formelt heiter dei DnFs sakkyndige råd i vurdering av litterær kvalitet. Dei tar avgjersler om medlemskap i DnF og fordeling av stipendmidlar. Denne hausten har vi presentert kvart og eit medlem i Rådet, i einskilde saker. Men Rådet blir ikkje til før medlemma sitt saman. Når dei einskilde kvalitetane og kunnskapane kjem saman, når dei ni byrjar å snakke og diskutere bøker i lag, då oppstår Det litterære Råd. Stein Versto er leiar i Rådet, og minner om følgande:
– At ein søknad blir avvist, inneber slett ikkje nødvendigvis ei avvising av forfattarskapen! Rådsmedlemmene har, i ein del tilfelle, sagt seg imellom at i det og det tilfellet vil vi sjå ei bok til av søkjaren før vi seier ja til medlemskap. Det er jo slik med ein del forfattarskapar, både no og før, at styrken og kvaliteten til forfattaren først viser seg etter forholdsvis mange bøker, seier Versto. Ved sida av Stein Versto, består DLR av nestleiar Ingrid Lønnebotn, Eirik Ingebrigtsen, Markus Midré, Liv Lundberg, Ole Robert Sunde, Oddmund Hagen, Mirjam Kristensen og Jan Kjærstad. Dei brukar dagane sine til å lese alt som blir gitt ut av norsk skjønnlitteratur, og til å møtast og diskutere kvaliteten i det dei les. Dei innstiller kandidatar til medlemskap i DnF, og til stipend. Dei har gjennom mange år holdt ein låg posisjon kva offentlegheita gjeld. Nokre gongar har det medført spekulasjon omkring kven dei er, denne andletslause gjengen av "litteraturdommarar". Denne hausten har vi difor for første gong presentert rådet. Kvar og ein har fortalt litt om seg sjølv og haldninga si til litteraturen: Leiar Stein Versto har gitt ei generell innføring i rådet som institusjon. Tidlegare leiar i DnF, Thorvald Steen, har gitt ei historisk innleiing til DnF som institusjon, og i forholdet mellom rådet og styret, mellom styret og staten, og DnF og andre forfattarforeningar i Norden. Og sist men ikkje minst, så har alle rådsmedlemma bydd på seg sjølv. Dei har fortalt om det å skrive, og om å lese. Odmund Hagen fortel at å skrive er som å vere i eit ras. Du må berre følgje med dit skrifta fører deg. Og når han les noko som gjer sterkt inntrykk, då går han seg ein tur. Ole Robert Sunde er også på vandring i skrifta si. Han har fortalt oss at han forsøker å finne ein plass kor ingen andre har vore. Men det er ikkje så lett fordi alt er så bebudd. Eg kan kjøre meg inn i eit hjørne. ”Kva gjer eg for å komme meg ut? Eg snakka med forleggaren min om dette. Han rår meg til enklare sjusett." Mirjam Kristensen avslører at ho, når ho sjølv vel litteraturen sin, for det meste les om den andre verdskrigen. Noko av det ho legg særskilt merke til når ho les, er om han flyt godt, eller er anspent og verkar kunstig; at viss språket verkar ekte, verkar også historia ekte.  Markus Midré har snakka om korleis møta i DLR endra seg etter 22/7:Man er kanskje mer årvåken om nivåer på en tekst som man har tatt for gitt eller ikke har lagt helt merke til, og som blir tydeligere og klarere. Det finnes ting i teksten som det blir viktigere å løfte fram nå. Jan Kjærstad har svart på utfordringa  med eit lite kunstverk. Atten fragment, atten svar, spørsmåla lurar i skuggane. Ikkje ulikt Jeg er brødrene Walker, ein roman han gav ut for eit par år sidan. Fragmenta samlar seg til eit bilde av ein tanke. Liv Lundberg seier til oss at  språk er basis for menneskelig erkjennelse. Kollegaen hennar, Ole Robert Sunde, svarar unnvikande på kva litteratur er eller skal vere. Men det han veit, er at han liker å snakke om snakkinga: Det er denne pågåande samtala som er intressant og som er sjølve innhaldet i å vere i Rådet: Kva er litteratur? Vi snakkar i eitt under rådsmøta. Etter møta går vi ut og et i lag. Samtala held fram. Det er dette som er motivasjonen min: Det å møte nokon bare for å diskutere litteratur,  seier Sunde, som er blant dei som sitt no som har vore der lengst. Eirik Ingebrigtsen kom inn i Rådet i år, og har ikkje så mange erfaringar derfrå å dele enno. Men tankar om forfattarrolla, det er han raus med å dele: Forfattaren er i for stor grad ein blomstarkvast på bordet og ein mann å visa fram inni grotta, seier Ingebrigtsen i dette intervjuet. Ingrid Lønnebotn mener at  forfatterne utgjør et stort kor. Som Rådet sjølv, kanskje: Rådet er alle desse folka som vi har presentert i denne serien, men samtidig ingen av dei. Rådet er kva desse folka blir når dei sitt i lag og snakkar, leidd av Stein Versto, noverande ordførar. Hege Wolleng har vore sekretær for Rådet i mange år. Noko kontinuitet, men også utskifting. Frå mars kan fire av dei som sitt i dag bli skifta ut med andre rådsmedlem. Kven dei blir, kan medlemma i DnF vere med på å bestemme. Det gjer ein med å tipse valkomiteen om kandidatar, og med å komme til årsmøtet og bruke røysteretten sin. Det er der Rådet blir valt – på grunnlag av kva sjanger og målform dei sjølv brukar og kan mest om, kor dei kjem frå, kjønn, alder. Det sitt til einkvar tid ni medlemmar i rådet.