Eit viktig medlemsmøte

Har ein forfattar krav på grunnstipend? Kva skil eit kulturpolitisk vederlag frå eit opphavsrettsleg vederlag? Korleis kan vi på best muleg måte forvalte kollektive vederlag? Korleis bør…

Har ein forfattar krav på grunnstipend? Kva skil eit kulturpolitisk vederlag frå eit opphavsrettsleg vederlag? Korleis kan vi på best muleg måte forvalte kollektive vederlag? Korleis bør fordelinga skje for i størst muleg grad å oppfylle intensjonane som ligg bak bibliotekvedederlaget: at midlane skal stimulere til skaping av nye bøker? Dette var nokre av spørsmåla som vart stilt i forkant og under møtet. Poenget var ikkje å konkludere i løpet av dagen, men at styret skulle få flest muleg innspel og synspunkt til bruk i sitt vidare arbeid med dette fram mot eit eventuelt forslag til endring.

Tidlegare ekspedisjonssjef og departementsråd i Kulturdepartementet, Helge Sønneland, innleidde om bibliotekvederlagets historikk og skilnaden mellom opphavsrettsleg og kulturpolitisk vederlag.

  • Eit kulturpolitisk vederlag blir fordelt som eit virkemiddel for å bidra til at nye bøker blir skrive, altså ikkje som vederlag for bruk av enkelte verk eller premiering for skrivne bøker.
  • Eit opphavsrettsleg vederlag blir fordelt ut frå bruk eller tilgjengeleggjering av identifiserte verk.

Generalsekretær Mette Møller gjekk gjennom korleis kollektive vederlag frå Norwaco, Kopinor og bibliotekvederlaget blir forvalta av Forfattarforeininga i dag. Leiar i DnF, Sigmund Løvåsen, presenterte styrets tankar omkring dette og la fram nokre mulege modellar for endring av grunnstipendordninga som grunnlag for gruppe- og plenumsdiskusjon resten av dagen.

Møtet var svært nyttig for styret, som fekk eit godt bilete av spennet i medlemmenes syn på stipendfordeling og kva omsyn ein må ta ved ei eventuell omlegging. Styret vil i sitt desembermøte  summere opp innspel som kom på medlemsmøtet og avgjere korleis dei skal arbeide vidare med dette.