Engasjert Edvard

Det andre verket i biografien om Bjørnstjerne Bjørnson kom ut rett før jul. I dag finn vi den første meldinga av boka. Som etter det…

Det andre verket i biografien om Bjørnstjerne Bjørnson kom ut rett før jul. I dag finn vi den første meldinga av boka. Som etter det første bindet i verket, blir biograf Edvard Hoem kalla "engasjert", og bindet "solid og sobert".

Edvard Hoem (f. 1949) var bare tjue år då han debuterte som skjønnlitterær forfattar. Diktsamlinga Som grønne musikantar kom i 1969. Fem år og tre andre verk seinare, kom gjennombrotsromanen Kjærleikens Ferjereiser. Den 11. oktober det same året skriv avisa dagbladet i ei melding av boka: "«Kjærleikens ferjereiser» er ikke et forsøk, men en moden og dyktig roman som bør skaffe Hoem innpass hos det store publikum."
Hoem fekk kritikarprisen og blei nominert til Nordisk Råds Litteraturpris. Sia då har han skrive fleire titals romanar, diktsamlinger, og ikkje minst sakprosa. Blant tema for skrivinga hans, er "Om Jesusfiguren i bibelen og litteraturen", og altså Bjørnstjerne Bjørnson; den norske forfattaren som, i 1903 fekk Nobelprisen i littratur. Bjørnson var den tredje til å få prisen nokon sinne, og ein av tre norske forfattarar som har fått den. 2010 var offisielt Bjørnsonår, kor ein feira at det var 100 år sia diktaren døydde. Andre bindet i biografien om han, "Vennskap i storm", rakk akkurat å komme før jubileumsåret var slutt. I følgje bokmeldar og professor i nordisk litteratur, Petter Aaslestad, skal denne tittelen vere meir som ein auforisme. Professoren meiner at ein tittel som "Vennskap i orkan" hadde vore meir dekkande for denne mannen som, i "hetsar Amalie Skramfordi mannen hennar gir henne lov til å gi ut "Constance Ring", som slår handa av ungdomsvennen Jonas Lie når han ikkje godtek eit forbod mot å treffe folk som Bjørnson ikkje liker".