– Er litteraturen relevant for unge lesarar i dag?

Det var fungerande redaktør i Klassekampens Bokmagasinet, Bjørn Fyksen, som leidde samtala mellom tre forfattarar. Amalie Kasin Lerstang har fått mykje merksemd for sin skildring…

img_5101

Det var fungerande redaktør i Klassekampens Bokmagasinet, Bjørn Fyksen, som leidde samtala mellom tre forfattarar. Amalie Kasin Lerstang har fått mykje merksemd for sin skildring av arbeidarhistoria til heimbyen sin, Notodden. Maria Navarro Skarrangers debutroman fekk mykje merksemd som den første, norske drabantby-romanen skrive i «kebabnorsk»/ etnolektisk/ asfaltnorsk. Den tredje i panelet var Synnøve Persen. Forfattaren og biletkunstnaren har vore utnemnt til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs orden. Fyksen påpeiker at når han googla Persen, var det midlertid flest treff på ting ho har gjort som biletkunstnar, og færre på forfattarskapen hennar. Persen kommenterte lakonisk: «Eg ser ikkje på meg sjølv som ein minoritet. Men eg skriv på eit språk som nesten ingen kan lese eller skrive.»

Etter samtalen mellom dei tre, vart Ingvild Holvik einstemmig valt til nytt styremedlem. Valet var eit suppleringsval etter at Kristine Tofte trekte seg frå styret under årsmøtet i mars. 

Etter valet informerte styreleiar Heidi Marie Kriznik om forvaltning av biblioteksvederlaget, og om grunnstipendet. 

img_5094.jpg

Gamle og nye medlemmar, og mulegvis kommande var samla til det første medlemsmøtet i festsalen i Kronprisensgate.