Fangar lesarar på NFFO-konferanse

  Formidling er hovudtema for årets konferanse, som skjer på Scandic Fornebu.  Forfattar av skjønnlitteratur og sakprosa, Atle Næss, hadde eit av gårsdagens hovudforedrag til årskonferansen.  – Kom…

© Mette Karlsvik

 

Formidling er hovudtema for årets konferanse, som skjer på Scandic Fornebu. 

Forfattar av skjønnlitteratur og sakprosa, Atle Næss, hadde eit av gårsdagens hovudforedrag til årskonferansen. 

– Kom lesaren i møte, bruk verb, og ha hovudpoenget i byrjinga av teksten, er Næss sine beste skriveråd, i dette framlegget om formidling.

Næss tar på mange måtar utgangspunkt i seg sjølv som skjønnlitterær forfattar når han held eit framlegg om formidling, eit kalt Å fange leseren. Han bruker mykje tid på det å konkretisere – og sett det i samband med å "appelere til sansene, ikkje berre til intellektet", som han seier. Og meir: 

Næss siterer Tor Bomann Larssen som har sagt Det er vanskeleg å skrive enkelt! Ein skal skjønne noko før ein kan skrive enkelt om det, meiner Næss, og seier: 

– Ein skal skrive for ein lesar. Ein skal skrive slik at lesaren får lyst til å lese. Og det er då viktig å vere konkret. Men abstrahering kan vere naudsynt for å formidle stoffet. er Næss, og gir eit døme, der han skal forklare omgrepet "Biofilm". Han begynner med det heilt konkrete: Lesarens munnhole, tenner, belegget som ein kan kjenne der og då, mens ein les – før han så går vidare til det abstrakte, 

– Richard Dawkins er fagmannen som klarer å skrive utan å vere fagmann, seier Næss, og gir eit døme frå boka so om evolusjon av auget: Alle dyr må forholde seg til verda og til ting i han. Dei støyter inn i objekt, krabbar under dei, unngår å støyte inn i dei, løfter dei opp, spis dei, parer seg med dei. Næss gir eit døme frå si eiga historiebok om Nidarosdomen: 

– Læraren plukker ut eitt ord frå teksten – til dømes Pater – og ba ein elev om å seie kva ordklasse det tilhøyrte, seier Næss, og legg til: 

– Men eg seier ikkje at han plukker ut akkurat den eller den eleven, og at denne einskilde eleven bøyger ordet. Om eg hadde gjort det, då var eg over i skjønnlitteraturen, seier Næss. 

Frå det himmelfjerne og ukjende, til det nære og kjende: i bøker av Bryson (Bill, journ. anm), fortel Næss, og gir eit døme frå "introduksjon til supernovaer": Når himmelen er klar og månen ikke altfor strålende, sleper pastor Robert Evans, som er en steille mann med godt humør, et omfangsrikt teleskop opp på terrassen hjemme i Blue Mountains i Australia, omtrent åtte mil vest for Sydney. (…) – og – eit kanskje enno meir kontrastrikt utdrag – der Bryson skildrar Evans uvanlege talent for å sjå kor nye stjerner har dukka opp: Det ser bare ut til at jeg har en viss evne til å huske stjernemønstre, fortalte han meg, med et åpent og unnskyldende uttrykk, da jeg besøkte ham og hans kone Elaine i den pittoreske bungalowen deres i et stille hjørne av landsbyen Hazelbrook, der Sydney endelig slutter og den grenseløse austranske bushen begynner. "Jeg er ikke spesielt god på andre ting," la han til. "Jeg er ikke så godt til å huske navn"." – Eller hvor han legger fra seg ting,"

Denne ungdomsskoleklisjéen ønsker Næss til livs: "Å skrive godt er å finne gode språklige bilder, som metaforer, parabler osv". Næss mener at metaforer fungerer godt når de er gode. Er de dårlige, stryk de.

Men kva med ordspel? Er det greitt? Det er flott når det fungerer, meiner Næss. Men stort sett fungerer det dårleg, meiner Næss. "Med mindre ein er Kjartan Fløgstad", seier han, og gir eit døme: Politisk er som kjent det motsette av apolitisk. Slik vis er det motsette av avis. Walter Benjamin meinte at fortellekunsten lakka mot enden, fordi den episke sida av sanninga, visdommen, døyr ut. Medan avisdommen blir igjen, kunne vi legga til.

Konferansedelen av møtet var i går. I dag har NFFO årsmøte med val.