Får ikkje ta i mot Sakahrov-prisen

Guillermo Fariñas vant årets Sakharov-pris. Som Normando Hernandez, var han ein politisk fange og dissident. Hernandez fekk DnF sin ytringsfridomspris for 2008, og blei lauslatt…

Guillermo Fariñas vant årets Sakharov-pris. Som Normando Hernandez, var han ein politisk fange og dissident. Hernandez fekk DnF sin ytringsfridomspris for 2008, og blei lauslatt frå fengsel i sommar. Fariñas er også fri frå fengsel. Mens Hernandez no bur i Madrid, får ikkje Fariñas forlate Cuba for å ta i mot prisen: 

(Hernandez og familien hans)

NRK kunne i dag melde om ein prisvinnande dissident og tidlegare politisk fange, som ikkje fekk lov til å forlate Cuba. Fariñas hadde fått Sakahrov-prisen, og ville til Frankrike for å ta i mot prisen. Men i følge NRK, slapp han altså ikkje ut av Cuba. NRK melder vidare:
"For dei fleste av dei politiske fangane som er sleppte fri dette året, har måtta forlate Cuba, ofte med heile familien. Slik var det med den norske prisvinnaren Normando Hernandez, han overlevde sju år i fengsel mykje takk vere støtte frå Den norske Forfatterforeningen."