Fastpris for lesar og litteratur

Christine B. Meyer og Jostein Skaar frå Konkurransetilsynet hevdar i kronikk den 13. april at forlag og bokhandlarar er dei einaste som tener på fastpris…

DnF-leder Sigmund Løvåsen

Christine B. Meyer og Jostein Skaar frå Konkurransetilsynet hevdar i kronikk den 13. april at forlag og bokhandlarar er dei einaste som tener på fastpris på bøker. Dette er Den norske Forfatterforening sterkt usamd i. Vi finn støtte for vårt syn i dei to utgreiingane om litteraturpolitiske verkemiddel bestilt av Kulturdepartementet.

1. Lesar, forfattar og litteratur tener på faste bokprisar
Erfaring frå andre land i Europa viser at fripris på bøker fører til auka stabel-sal av få titlar medan mangfaldet i litteraturen forsvinn. Forbrukarane får altså dårlegare utval og mindre reell valfridom. Med fripris kan t.d. større matvarekjedar sette prisen kraftig ned på eit fåtal titlar for å trekke folk inn i butikken og tene pengane på andre varer enn litteratur. Dette skummar fløyten frå den fullassorterte bokhandelen. Distribusjonsnettet vi har i dag gir lesarar høve til å oppdage nye forfattarskap og sjølv velje dei bøkene dei vil kjøpe.

2. Tal på titlar seier ikkje alt
Vi må minne om at ein auke i talet på utgitte titlar, ikkje er det same som at mangfaldet av bøker er større, slik konkurransetilsynet hevdar. Om det blir gitt ut fire gonger så mange kokebøker som før vil det gi eit godt utval av nettopp kokebøker. Blir talet på lyrikk-, novelle- og essaysamlingar på same tid halvert, endar ein ikkje opp med ein meir mangfaldig litteratur. Sjølv Konkurransetilsynet kan ikkje setje blindt likskapsteikn mellom kvantitet og mangfald.

3. Bokmarknaden er ikkje utan konkurranse
Fastprisperioden varer i dag til 1. mai året etter boka kjem ut, deretter er det opna for fri konkurranse på pris. Forlaga kan i fastprisperioden konkurrere seg i mellom ved å prise bøkene høgt eller lågt, samt konkurrere på kvalitet. Det er også høve til å setje ulik pris på ulike versjonar, t.d. papirbok, e-bok, strømming av bøker. Bokhandlarane konkurrerer på fleire område enn pris: utval, formidling, tilgjengelegheit, kunnskap, service.

4. Fripris er ikkje lågpris
Det verkar useriøst av eit statleg organ som konkurransetilsynet å berre vise til bøker på bestseljarlistene for å samanlikne bokprisar i Noreg og Sverige. Dei bør ha ressursar og kunnskap til å gå grundigare til verks. Det er eit kjenneteikn ved overgang frå fastpris- til friprismarknad at godtseljande bøker blir prisa lægre, medan gjennomsnittleg bokpris blir på same nivå eller går opp. Dette vil naturleg nok gjere at godtseljande bøker sel enda meir, og det blir vanskelegare å synleggjere og spreie mangfaldet i litteraturen. Det er naturleg at Konkurransetilsynet ikkje brenn for ein sterk norsk litteratur ettersom det ikkje er deira bord. Dei burde likevel ha nok integritet til å la vere å skape inntrykk av at norske lesarar vil vinne på fripris på bøker.