Festspeldiktar Espedal

Frå å vere ein forfattar som var lese av få, kresne lesarar, har Espedal dei siste par åra fått ein meir sentral plass hos lesande…

Espedal

Frå å vere ein forfattar som var lese av få, kresne lesarar, har Espedal dei siste par åra fått ein meir sentral plass hos lesande i Norge. I dag offentleggjorde Norsk Forfattarsentrum nyhenda om at Tomas Espedal er årets Festspeldiktar. Det skulle ta nokre år frå Tomas Espedal tok farvel med tredjepersonsfortellaren og skreiv "eg" ("jeg"), til han var meir som ein litterær popstjerne å rekne. Akademia hadde vore interessert i forma hans lenge; I at han kalla bøkene sine "Dagbok", "Brev", "Biografi". Ein periode av dansk biografismedebatt og våre eigne Knausår seinare, var det ikkje bare interesse, men tilnærma panegyrikk. Vi gratulerer med Festspeldiktar – tittelen!