Aktuelt

Fordi dei har ein song i seg

KVA VAR BAKGRUNNEN  for at Tarjei Vesaas ville gi prispengane sine frå Nordisk Råd til opprettinga av ein debutantpris?  har DNF spurt meg om.  Det…

Samlagets festskrift til Guri Vesaas, då ho pensjonerte seg

KVA VAR BAKGRUNNEN  for at Tarjei Vesaas ville gi prispengane sine frå Nordisk Råd til opprettinga av ein debutantpris?  har DNF spurt meg om.  Det eg kan svare,  er at han meinte det var svært viktig å støtte dei unge,  nye diktarspirene,  for ”det er dei som held diktinga i live”,  sa han.  Han var sterkt oppteken av at litteraturen stadig må fornye seg,  og meinte sjølvsagt at det offentlege må vise ansvar og lage støtteordningar for unge kunstnarar.  Men som etablert forfattar med ein viss suksess kjende han også på eit personleg ansvar,  ein trong til å hjelpe dei unge som har valt denne vanskelege vegen.  Han visste av eiga erfaring kor stridt det kan vere å debutere, og ikkje minst å halde fram å skrive.  Han visste kor hardt ein uforståande og nedlatande kritikk kan ramme, sjølv om han for sin del ikkje vart utsett for dette.  Motbør og manglande aksept hos dei næraste kan òg vere fatalt i den første, usikre fasen.  For ikkje å snakke om dei økonomiske problema som ligg og ventar,  sikrare enn banken.

I det sjølvbiografiske stykket ”Om skrivaren”,  trykt i Bind 1 av Tarjei Vesaas’ Skrifter i samling,  skriv han bl.a. om dikting og diktarens vilkår:  ”Der det ikkje er rørsle framover,  lurer døden.  Difor skulle folk vera takksame over at det finst dei som brukar dyr ungdomstid på noko fullkome lønlaust,  fordi dei har ein song i seg.” 

Ja,  det var nettopp desse modige menneska Tarjei ville peike på og hylle med ein pris.  Sjølv sleit han tungt med mange refusjonar i starten,  men rekna seg for å vere svært heldig som ikkje møtte nokon motbør i familien.  Ikkje slik å forstå at folka der heime kom med oppmuntrande tilrop når han sette seg til med skriving om kveldane – nei,  ingen sa eitt ord.  Sett med våre auge er vel ikkje total togn all verda til støtte å få,  men han som var odelsgut og esla til å ta over garden,  visste berre altfor godt kva ein ønskte og venta av han.  Det var store ting som stod på spel,  for alle.

Tarjei budde då heime att på Vesås med foreldre og brør,  etter å ha avtent militærtenesta som gardist i Kristiania.  Den blivande bonden hadde full arbeidsdag på garden.  men om kveldane byrja han no så smått å skrive på ein stor roman der i stovekråa si.  Dei andre sat i same rom og las eller pusla med eitkvart,  og stilte ingen spørsmål.  Tjukke og mindre tjukke manuspakker vart sende i veg med posten og kom refuserte i retur gong på gong,  utan at nokon kommenterte det dei såg.  ”Var som ein uskriven regel i huset:  Denna skrivinga er ikkje samtale-emne.  Glad kunne skrivaren vera for det”,  slår han fast i ettertid.  Då det fjerde manuskriptet var sendt,  kom det omsider berre eit tynt brev tilbake,  og der stod det at forlaget ville gi ut romanen Menneskebonn.  Då gjekk forfattaren ”på gylne skyer” og fortalde storhendet til mora,  som bar det vidare til dei andre i huset.  Men ikkje eingong då boka kom ut,  hausten 1923,  vart noko nemnt;  den uskrivne regelen galdt framleis.  Like fullt,  foreldra hadde for alvor byrja å skjøne – og stillteiande akseptere – at odelsguten ikkje kom til å følgje den vegen dei ønskte.  Dette kom slik til uttrykk:  Faren delte tømmerkøyredagen mellom seg og sonen i to,  slik at forfattarspira fekk ettermiddagen fri.  Det gjekk ein del år før unge Tarjei innsåg til fulle kor romslege foreldra hadde vore, som ikkje anten i ord eller handling la hindringar i vegen for skrivinga hans.

Den andre heilt nødvendige og direkte matnyttige støtta han fekk tidleg ,  var eit større reisestipend gjennom Forfattarforeininga,  som han vart medlem av etter to utgitte bøker.  Stipendet betydde at verda låg open,  og foreldra lét han fara ”bort frå alt slags gards-stell”.  I 9 år var einstøingen frå fjellbygda meir på reise mellom storbyane på kontinentet enn han var i Noreg.  Han skreiv flittig og fekk ut mange bøker,  og fleire stipend vanka.  I 1934 vende han heim att til Vinje, nygift med Halldis, og slo seg ned for godt på Midtbø.

Med desse erfaringane frå ungdommen,  og med eit levd forfattarliv som også inneheldt stort engasjement og tillitsverv i forfattarorganisasjonen,  var det ei lykke for Tarjei Vesaas å kunne overlate ein klekkeleg pengesum til prising av framtidige debutantar.  I statuttane for prisen ville han det skulle stå at debutantane må vere unge, helst ikkje over 30 år.  I nokre år veit eg det heldt hardt å finne kandidatar som var unge nok,  men så vidt eg forstår er ikkje det lenger eit problem,  heldigvis!  Namnet på prisen hadde han tenkt skulle vere ”Debutantprisen”, kort og godt,  men dåverande styre i DNF insisterte på at hans namn skulle knytast til prisen.

Frå ”Om skrivaren” vil eg gjerne sitere litt til om synet hans på diktinga og korleis den må og skal haldast levande:                                                                                                                                                                ”Det må eksperimenterast, det er det som er rørsle og livskim og fornying.  Det blir forstått av nokon – og det er slike som ber fornyinga over mørke skar og stilleståande daudvatn og sjølve blir ein grobotn for det som heiter framtid. (…) Såkalla uforståelege romanar må òg bli skrivne, synest eg.  Det må opnast ein veg framover.  Det er sagt at romanen er ved å døy – ikkje trur eg på det.  Går ikkje an at fantasien skal tørke bort i unge menneske.  Men dei må få skape i sine bilete, ikkje i dei gamles.  Dei gamle får vera eldst så mykje dei vil. (…) Kvar ny skribent trør inn på plassen med skjelvande hug og synest det er det nye han kjem med.  Det er rett det – om så tinga hans neste dag er krasa.  Det må finnast slike.  Dei held diktinga i live.”

KVA SA FAMILIEN  til at prispengane vart gitt bort?  fekk eg òg spørsmål om.  Fru Halldis var sjølvsagt heilt på linje.  Både ho og ungane var litt krye av det gode påfunnet hans.

Guri Vesaas

Guri Vesaas er fødd i Vinje i Telemark i 1939, og har jobba som forlagsredaktør for Det norske Samlaget. Då ho pensjonerte seg, gav Samlaget ut denne boka, eit festskrift til Guri Vesaas:

 

(Alle sitat er henta frå ”Om skrivaren”.

Sia prisen blei innstilt, har den ønska, øvste alderen til prisvinnaren blitt endra – frå 30 til 35 år)