Forfattaranes del av Spellemannsprisen

I kveld blir Spellemannsprisane delte ut. Ved borda som er reserverte for dei norminerte, sitt minst to DnF-medlem. Og i høgsetet sitt det gode språket….

I kveld blir Spellemannsprisane delte ut. Ved borda som er reserverte for dei norminerte, sitt minst to DnF-medlem. Og i høgsetet sitt det gode språket. Han som i fjor revitaliserte høgnorsk er nominert i klassen "Metal": Cornelius Jakhelln og avantgardbandet Solefald er vurdert som eit av Noregs beste svartmetallmusikarar. Medlem i Kulturrådet og Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur kan bli "Årets Tekstforfattar": Erik Fosnes Hansen er nominert for teksten "Neste stasjon Grorud". "Neste stopp er Sognsvann" er det eg høyrer når eg ringer Cornelius Jakhelln for eit intervju om nominasjonen. Sjølv dagen av utdelinga er høgnorskingen på veg til Sognsvann med nypreppa "Birkebeinarski".


Svartmetallmusikar Cornelius Jakhelln er ute for å få med seg den strålande soldagen når eg ringer han.
– Gratulere med nominasjon, gamle bardun! Ut i frå nettleksikon virkar det som om det er dette du har drive lengst med: Sangtekstar. Kan du seie noko om plassen svartmetallen har i det kunstnariske prosjektet ditt?
– Eg har skrive dikt og låter om einannan sidan nittitalet. Dikt og sangtekstar har hatt ein gjensidig påverknad frå kvarandre. Nokre gongar tonsette eg dikt, andre gongar baserte eg dikt på sangtekstar.
– Med dine ord: kva er hovudforskjellen på sangtekstar og dikt?
– Sangtekstar skal gå rett inn. Dei skal kunne bli oppfatta med ein gong. Den beste sangteksten har også eit anna lag som ein kan oppdage etterkvart. Men dikt kan og skal ha eit større kompleksitetsnivå.
– Nominasjonen til Spellemannsprisen kan opne Solefald opp for mainstream og storsamfunn, seier forfattaren og musikaren.
– Forfattarar som Jørn H. Sværen, Olav Kristisæter, Stig Seterbakken, Erlend Erichsen og fleire speler eller er på annan måte opptekne av svartmetall. Kva er det litterære potensialet i sjangaren?
– Det er ikkje ulikt måten AKP-ML var tiltrekkande på ein del forfattarar på søttitalet. Sjølv om AKP-ML er politikk og svartmetall meir av bare estetikk, så er begge deler "farleg". Det farlege er ofte stoffet som litteraturen er henta frå. Dessutan er det ei kunstform som opnar opp for det inderlege og alvorlege. Det er ein plass kor patos er lov, seier Jakhelln, nokre timar før årets spellemannsprisar blir delte ut, og sendt på TV2. Cornelius Jakhelln vil vere der i lag med Lars Are Nedland. Desse to skipa bandet Solefald i 1995. Sidan då har dei gitt ut plater jamnt og trutt, og er i år  nominert i klassen Metal. Jakhelln debuterte skjønnlitterært i 2001 med diktsamlinga Gebura Muse. Quadra Natura 0001 på Aschehoug forlag. Då hadde han allereie skrive tekstar og låter for svartmetalbandet Solefald i fem-seks år. I 2010 kom romanen Trisyn på Det Norske Samlaget. Då blei Jakhelln kjent som revitaliseraren av høgnorsk; ein slags arkaisk hypernynorsk eller moderne gamalnorsk:

Ein tarv ikkje standa i ein røykfull bar i Paris eller Berlin i trettiåri òg – slik gjorde ein i tjueåri. Um eg skal vera ærleg – kann henda i trettiåri òg. I tjueåri sat eg på ein studenthybel i Paris og drøymde um Jotunheimen. Av di venene mine budde i fjerne land eller levde urbane liv i rurale byar, fantes det ikkje von for meg, skriv Jakhelln i ein hittil upublisert tekst. Jakhelln var fødd i Kristiansand i 1977, reiste ut tidleg og budde i Paris, Berlin, Brighton. Han bur framleis i Berlin, men vandrar i fjellet og les, når han kjem til hyttene, Olav Aukrust, A.O. Vinje: Det handlar om vandring, ferdaminne; forfattaren fryktar ikkje det nasjonalromantiske, og dyrkar den norske naturen, kulturen, språket! Cornelius Jakhelln ser Noreg i perspektiv av landa han har vitja, av Tyskland, Island, Israel. O høgfjell, fjellheim, heimane innanfor! O Jotunheim, Trollheim, nøkken, troll, Trollheimen, heimane innanfor! Corneilus, O Jakhelln, jakkene med saueskinnsfôr, og ferden oppover. Kvar finn sin eigen veg uppyver. Fyrst sumaren 2008 kom eg meg upp til fjelli, 31 år gamal, på Gjendesheim, attmed bysten av Vinje, ven og helgen for dei som vandrar fjellimillom, skriv Jakhelln vidare i ein tekst som ruslar og slentrar, som vandrar så vant, men ikkje for trygt, over viddene innanfor. Og i dag, laurdag, kjem t-banevogna til Sognsvann stasjon, og eg tar farvel med Jakhelln. "Neste stasjon Grorud" kan gi Fosnes Hansen prisen som "årets tekstforfattar"; ein kategori som var ny for Spellemannsprisen i 2008. Sidan då eit DnF-medlem vore nominert i klassa kvart år. Det første året, 2008, vann Odd Børretzen for "Paradise bay" frå albumet Syv sørgelige sanger og tre triste. I fjor var Sverre Knudsen nominert for "La det brenne".

På same måte som at Salme ved reisens slutt var Fosnes Hansens gjennombrot som romanforfattar, kan "Neste stasjon Grorud" bli gjennombrotet som tekstforfattar. I følgje Norsk Biografisk Leksikon, vaks Fosnes Hansen opp i eit "ikkje-akademisk miljø på Grorud i Oslo, men hadde "meget litteraturinteresserte foreldre (især moren)". Sjølv skal han ha lese forfattarar som Sartre frå ung alder. Men Grorud var verken første eller siste stasjon for Fosnes Hansen: Han var fødd i New York, og gjekk Steinerskolen i Oslo 1973–83 og Freies Jugendseminar nær Stuttgart 1985–86. Han var bare tjue år gamal då han debuterte med romanen Falketårnet. Romanen fekk gode kritikkar og var omsett til fleire språk. Bare fem år seinare skreiv han romanen som blei det store gjennombrotet hans. Salme ved reisens slutt er omsett til over tretti språk. Dei siste åra har han gjort seg gjeldande som ein aktiv deltakar i den meir administrative delen av norsk kulturliv.

SISTE:
Erik Fosnes Hansen fikk Spellemannsprisen (tekstforfatter) for «Neste stasjon Grorud».
I metal-klassen stakk Enslaved av med prisen for «Axioma Ethica Odini».