Norsk forfattersentrum skriv på nettsida si at dagleg leiar i Forfattersentrum, Ingvild Herzog uttrykte glede over at temaet kom opp, og kunne fortelje at Forfattersentrum til og med har «blitt kontaktet av en debutant som ble forfatter fordi hun ville spille på Forfatterlandslaget!» Herzog tok vidare på seg oppgåva med å ta initiativet til eit kvinnelandslag, og i august inviterte vi potensielle spelarar til å melde seg. Responsen har vore overveldande. Alt frå tidlegare stjernespissar i tredjedivisjon, til tidlegare cornerflagg har meldt seg:
”Jeg pleide å være cornerstolpe i barndommen, eneste tillatte for jenter. Det er over 70 år siden, men jeg kan fremdeles kunsten, med eller uten krykker. Lykke til med damefotballen! Hilsen Aud Korbøl»
Forfattersentrum skriv òg at dei no søkjer ein ansvarleg for å organisere laget. Skriv til dagleg leiar Ingvild Herzog viss dét er noko for deg!