Forfattarspire med minoritetserfaring?

Då kan du søkje på Forfattarskulen, eit samarbeid mellom Det Norske Samlaget og Minotenk.

På Forfattarskulen for skrivande med minoritetserfaring blir du ein del av eit unikt fellesskap og får møte nokre av landets beste og mest interessante forfattarar. Kurset er gratis, reise og opphald blir dekt for dei som treng det. I tillegg får kvar elev eit stipend på 15 000 til bruk på fagleg utvikling.

Kva er Forfattarskulen?

Målet med skrivekurset er å skape meir mangfald i det norske litteraturfeltet og å motivere fleire til å delta i den offentlege samtalen. Skulen starta opp i 2022 og er eit samarbeid mellom Det Norske Samlaget og Minotenk. Til no har over førti elevar gått på forfattarskulen, og fleire har gitt ut bok allereie.

Kursåret 2027 er meint for deg som har noko skriveerfaring, og som er godt i gang med eit eller fleire skriveprosjekt. Du får moglegheit til å jobbe vidare med prosjektet og fårtilbakemelding på det gjennom året. Kursinnhaldet tilpassas ut frå prosjekta elevane jobbar med. Målet er å komme nærmare publisering i løpet av året, og å levere eit manus til vurdering i Samlaget når skuleåret er over.

Undervisninga består i stor grad av tekstsamtalar. Elevane leverer tekst til kvar samling og får respons frå lærarar og dei andre elevane. Det blir også praktiske skriveøvingar, forelesingar og møte med inspirerande forfattarar. Du får gode skriveverktøy og eit støttande miljø. Du får hjelp til å finne ut kvifor det kan stoppe opp i skrivinga, og til å komme vidare. Gjennom året blir det òg gitt individuell rettleiing og tilbakemelding på tekstane dine.

Kven kan søke? 

Både dei som har gått skulen før, og dei som ikkje har gått på denne eller andre skrivekurs tidlegare, kan søkje. Du må ha fylt atten år og ikkje vere etablert som forfattar allereie. Nynorsk er arbeidsspråket på kurset. Det er sjølvsagt ikkje eit krav at du skriv feilfri nynorsk. Nokre av dei som har gått på kurset, har vakse opp med nynorsk, mens andre har eit meir nølande forhold til språket. Det viktigaste er at du har eit ønske om å arbeide litterært med nynorsk som skriftspråk. Leiar for Forfattarskulen, Therese Tungen, følgjer deltakarane gjennom året, i samarbeid med redaktørar på Samlaget. Om du har spørsmål, eller lurer på om kurset er noko for deg, så send gjerne ein e-post til Therese: t.tungen@samlaget.no.

Minoritetserfaring

Forfattarskulen er for skrivande med minoritetserfaring. Nokre eksempel på kva dei legg i omgrepet «minoritetserfaring» er: nasjonale minoritetar, skrivande med funksjonsnedsetjing eller funksjonsvariasjon, skeive og andre kjønnsminoritetar, skrivande med samisk bakgrunn, fleirkulturell bakgrunn eller innvandrarbakgrunn.

Skuleåret 2027

Samlingane går føre seg i Samlagets lokale i Oslo. Undervisninga består av fem fysiske helgesamlingar, og på kvar samling blir det seminar fredag kveld og laurdag og sundag på dagtid. Det tas omsyn til behova til kvar enkelt elev undervegs, men samlingane er baserte på oppmøte. Det er ikkje lagt opp til digital undervisning. Du kan fint kombinere kurset med jobb eller studium, så lenge du kan setje av fem helgar i løpet av året.

Søknadsfrist: fredag 12. november 2026 kl. 23.59. 

Les meir her.