Fosse-fest

Laurdag feirar Litteraturhuset i Oslo Nobelprisen til Jon Fosse.

Kl. 14.00: Kvar skal ein byrje med Fosse?

Tore Renberg, Kathrine Nedrejord og Kjartan Fløgstad deler sine Fosse-favorittar.

No som Jon Fosse har fått nobelprisen, bør eg vel lese noko av han, tenkjer du kanskje. Men kvar skal ein byrje? Dramatikken, poesien, eller kan hende det store verket Septologien? Til Litteraturhuset kjem tre forfattarar som har svært ulike inngangar til Fosse sin forfattarskap. Dei vil dele sine favorittar og kome med tips til kvar ein kan byrje – og fortsetje! – med Jon Fosse sine mange bøker. Tore Renberg er forfattar av ei rekke bøker for både barn og vaksne. I år kom romanen Lungeflyteprøven, som vart nominert til Bokhandlarprisen. Kathrine Nedrejord er forfattar og dramatikar. For si siste bok, Forbryter og straff, vart ho nominert til Nordisk råds litteraturpris i 2023. Kjartan Fløgstad er ein av våre fremste samtidsforfattarar og har gitt ut nær femti bøker.
Samtalen blir leia av Karin Haugen, forfattar og journalist i Klassekampen.

Kl. 15.15: Fem om Fosse

Kva kjenneteiknar Fosse sin litteratur? Kva har Fosse hatt å seie for det norsk litterære miljøet, og kva sider av forfattarskapen hans er det andre skrivande menneske framhevar? Fire forfattarar og ein biskop gjev oss sine perspektiv på Fosse, gjennom kvart sitt mini-føredrag.

Biskop i Oslo Kari Veiteberg har vore oppteken av forfattarskapen til Fosse i lengre tid. No vil ho ta for seg korleis Fosse skriv om religion og om døden. Brynjulf Jung Tjønn har, som Fosse, skrive både poesi, romanar, dramatikk og bøker for barn og unge. Han er òg nyslått leiar i Den norske Forfatterforening. Han vil snakke personleg om kva Fosse sitt språk har hatt å seie for han og skrivinga hans. Kathrine Nedrejord har skrive for både ungdom og vaksne – og både romanar og dramatikk. Ho har attpåtil skrive ein god del om Fosse – i masteroppgåva si. Ho vil snakke om dramatikken til Jon Fosse, og korleis det internasjonale gjennombrotet vart mogleg. Tore Renberg har skrive ei lang rekke kritikarroste og prislønte bøker for både barn og vaksne, og fleire av dei har vorte til film og teater. Mindre kjent er kanskje det sterke forholdet han har hatt til Fosse sin forfattarskap heilt sidan studietida. No vil han fortelje om sitt møte med Fosse – både mannen og orda. Vigdis Hjorth er ein av våre fremste forfattarar, med 38 prisvinnande og kritikarroste romanar, barnebøker og essaysamlingar bak seg. Ho debuterte same år som Jon Fosse og har følgt forfattarskapen hans frå starten. Ho vil fortelje om den tidlege Fosse, og om å vere ung skrivande samstundes med han.

Kl. 17.00: Fosse i ord og tonar.

Konsert med Sandra Kolstad og gjester Ingrid Olava, Tuva Syvertsen og Gjertrud Jynge.

Har du høyrt Fosse sine dikt i elektronisk drakt? Med plata Elv på himmelen har forfattar og komponist Sandra Kolstad tonesett tolv dikt av Fosse, henta frå diktsamlinga Stein til stein, med god hjelp av røystene til eit knippe artistar og Fosse-tolkarar, som Ane Brun, Tuva Syvertsen, Bjørn Tomren og Ingrid Olava. I kveld byr Sandra på ein minikonsert frå plata, med gjester Ingrid Olava, Tuva Syvertsen og Gjertrud Jynge. Men aller først vil skodespelar Gjertrud Jynge framføre ein monolog som Ales frå Trilogien, ei rolle ho fekk både Kritikarprisen og Heddaprisen for etter oppføringa ved Det Norske Teatret i 2019.

Her kan du lese om Jon Fosses program i Stockholm: