Fosse og Kleiva til Dramatikkfestivalen

– Eg har tidlegare laga radioteater av ein korttekst som ikkje hadde ein einaste replikk. Det meste går an. Men ein må halde tunga rett…

Rønnaug Kleiva

– Eg har tidlegare laga radioteater av ein korttekst som ikkje hadde ein einaste replikk. Det meste går an. Men ein må halde tunga rett i munnen!

Kleiva har gitt ut 23 bøker i ymse sjangrar, halvparten for vaksne og halvparten for barn og unge, og er omsett til fleire språk. For Ikkje gløym å klappe katten fekk ho både Kritikerprisen og Kulturdepartementets pris for beste barnebok. Kleiva var festspeldiktar ved Vinterfestspillene i Bergstaden i 2001 og ved Dei nynorske festspela i 2010. Tidlegare har ho skrive dramatikk for Radioteatret og for Dramatikkfestivalen.

– Du har brukt stoff i fleire former: Sarajevostoff i roman og dramatikk. Korleis blei dei ulike resultata?

– Det blir både likt og ulikt. I ein roman kan ein ta med mykje meir, også det som ligg på kanten av det ein skriv om. Det kan gjere romanen rikare. I dramatikken må ein velje meir kva ein tar med og vere meir disiplinert. Alt skal vere med på å drive handlinga vidare. Likevel skal der vere nok stoff og kjerne til at regissør og skodespelarar med si skaping får fram nokolunde det som du ser som det viktige. Eg har tidlegare laga radioteater av ein kortteskst som ikkje hadde ein einaste replikk. Det meste går an. Men ein må halde trunga rett i munnen!

– Korleis var dei ulike skriveprosessane?

– Å skrive dramtikk er for meg ein "kjøligare" prosess. Eg må ha hovudhandlinga klar på førehand og manøvrere meg framover. Når eg skriv romanar, noveller og korttekstar, bruker eg meg sjølv meir kjenslemessig. Men også når eg lagar ei hovudhandling til eit dramatisk arbeid bruker eg meg sjølv på dette viset. Og også i vanleg prosa må ein på eit eller anna tidspunkt strukturere ganske kraftig. Så kva er skilnaden?

– Kva passar deg best?

– Eg trivst med begge delar.

– Kva form jobbar du mest intuitivt med?

– Eg arbeider nok mest intuitivt med romanar etc, men eg er eigentleg like glad i det å få orden/form på teksten som eg er i det intuitive arbeidet.

– Kva kjem du til å jobbe mest med i framtida?

– Nett no skal eg gjere ferdig ein slags roman. Deretter vil det bli litt av kvart, også drama.

Ved sida av Kleiva og dei andre utvalte dramatikarane, som Rebecca Brox Liabøs "Rulletekst", presenterar festivalen også stykke av etablerte forfattarar som Jon Fosse. Det er hans tredje stykke Namnet frå 1994 som blir sett opp, på Nationaltheatret. På Dramatikkens Hus kan ein 28. august og 1. september sjå Kleivas Vi skal ikkje gjere ting halvt lenger. Stykket er regissert av Nationaltheatrets Viktoria Meirik.