Frå Dikt og Datt til Festspela

  Agnar Mykle ønskte ikkje merksemd. Då sa han sjølvsagt nei til å vere Festspeldiktar. Eg trur ikkje at eg tar for hardt i om…

Faksimile, VG 1976

 

Agnar Mykle ønskte ikkje merksemd. Då sa han sjølvsagt nei til å vere Festspeldiktar. Eg trur ikkje at eg tar for hardt i om eg hevdar at Festpeldiktaren får mest merksemd av alle vinnarar av norske utmerkingar. Dette visste Mykle sjølvsagt, og sa altså nei. Men dåverande konsulent for Forfattersentrum Vest, Elisabeth Armand, meinte at det var for ille. Ho meinte at Mykle var ein verdig Festspeldiktar, og meinte at det måtte finnast måtar rundt dette; 

eit form for kompromiss – der forfattaren fekk den æra ho meinte han fortente

– utan få få privatsfæren tråkka på. Etter ein del arbeid med Mykle og medier, var ei form for uskrive kontrakt klar, og Mykle gjekk med på å bli Festspeldiktar. Og det finnst sikkert mange utgåver av denne historia som de her får. Ei av dei hevdar at ein journalist braut kontrakta og troppa opp på Mykles dør. Og det før pressa skulle byrje å blande seg. Seier historia. Og kva som er sant eller ikkje av detaljar rundt Mykles niominasjon, så endte det med at han vart sjuk av all merksemda. Sant er det at Festspela er ein fest av merksemd, heider og ære. Det er ikkje kven som helst som skal og kan stå i det. Men då det var publisert at Inger Elisabeth Hansen blir Festspeldiktar for 2013, nikka fleire anarkjennande på hovudet. Et godt ot rett val! Valfridomen som Hansen har til å invitere forfattarar til spela, den har ho brukt på solidarisk og storsinna vis: Hansen har invitert nokre av sine nærmaste – men også nokre av dei som er lengst unna:  store diktarar frå andre sia av kloden. Og i skjøringspunktet mellom dette, er omsetjingsarbeid som sonen hennar, Georg Schjerven, har gjort av syriske og andre poetar som skriv på arabisk, og den bergensbaserte men chilenskfødde poeten Pedro Carmona-Alvarez. Dei to siste blir begge å høyre på opningsframsyninga torsdag 23. mai. "Stemmer utanfrå  dikt frå Chile, Spania og Syria" oppsummerer på mange måtar kva årets litterære festspel dreier seg rundt; den vesle, blå planeten. Alexandra Dmonguez kjem frå Chile og Juan Carlos Mestre kjem frå Spania den dagen for å lese. Mannen som vi før kjente som ein alpejodlar, Bjørn Tomren, presenterer musikk frå det siste prosjektet sitt. 

 

Sia går det frå kveld til dag til kveld, torsdag til sundag, med, av – og ikkje minst for Inger Elisabeth Hansen.