Frå Lima med kjærleik

Berre 24 år gamal debuterte Kristin Auestad Danielsen med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyer. Sidan då har ho gitt ut to andre diktsamlingar, blitt…

danielsen-kristin-auestad_productimage

Berre 24 år gamal debuterte Kristin Auestad Danielsen med diktsamlinga Alle i Norge, i tre, i hengekøyerSidan då har ho gitt ut to andre diktsamlingar, blitt medlem av DnF, og utdanna seg til dramatikar og litteraturvitar. Ho debuterte som dramatikar under Dramatikkfestivalen – med stykket Bartender. Nett no er ho aktuell med nyskrive stykke for DUS (Den Unge Scene). Det går rett nok rykter om at unge Danielsen er i Lima nett no. Men kor ho enn skriv frå, så skriv ho. Og når Danielsen no får velje seg ein diktar å høyre frå, er det nordmøringen Monica Aasprong ho sender oppmodinga si til.