Gaarder gjer seg klar til medlemsmøtet

Jostein Gaarder var ein av dei mest aktive på Forfatterforeiningas årsmøte, da foreiningas forhold til miljøspørsmål vart diskutert, og han var med på å forme…

wiki commons

Jostein Gaarder var ein av dei mest aktive på Forfatterforeiningas årsmøte, da foreiningas forhold til miljøspørsmål vart diskutert, og han var med på å forme den idéen som no er Forfatternes klimaaksjon§ 110. Eit anna resultat av årsmøtet, var at medlemsmøtet 2013 fekk klimaendringar som tema. Saman med Espen Stueland sitt Gaarder i programkomiteen, for møtet som er 16. november i Forfatternes Hus i Rådhusgata 7. 

Gaarder er i år aktuell med boka Anna – en fabel om klodens miljø og klima. Underteiknande intervjua han om boka i Ibsenhuset i Skien i slutten av september. Gaarder las då eit utdrag frå boka, frå Annas minne frå ein nyttårsaftan med kanefart: I løpet av én og samme kveld gikk de ut av det ene året og inn i det andre. De tråkket over en usynlig grense mellom det som hadde vært og det som skulle komme. 

Grensestrekking

– Over ei grense – for det som var og det som skulle komme, altså. Sjølv om dette er eit minne frå då Anna var 10, er det ei hending frå samtida vår. Kva for tid er det?

– Vi lever i eit tidsskifte, og vi har fått eit mykje større ansvar for jorda og artane enn vi hadde for berre 10-15 år sia. Vi som lever i dag er dei første som i fundamental grad er med på å endre jorda, som er med på å utradere artar, til dømes, og som slepp å betale prisen for å gjere det. 

– "Anna" blir ein miljøaktivist. Har barndomsminnet vore instrumentelt i dette engasjementet? 

– Det er eit nostalgisk minne, som ho har eit affeksjonsforhold til. Det gjer henne svært glad i naturen, og motiverer henne til å ville ta vare på kloden. 

– Eit anna skifte som skjer, berre sider seinare, er at "Anna" går frå å vere femten til å bli seksten år. Og går frå å kanskje vere i lag med Jonas – til å vere kjærasten hans. På kva måte er kjærleik ein motivasjonsfaktor for karakterane i boka? 

– Det er vel nokre erotiske motiv her. Men dei kjem oftast fram i draume, der "Anna" støtt og stadig ser seg sjølv i raude sko og i lag med ein litt mystisk og spennande arabisk gut, seier Gaarder, som skildrar ei "Anna" som også er motivert til miljøvern med bilda som ho får av oldebarnet sitt – Nova – som alt teiknar på at "Jonas" vil bli oldefaren til. 

 

Formidlingsgrep

– Du bruker didaktiske og pedagogiske grep i boka. Eitt er dialogen mellom den unge, opne personen – og ein eldre, kvalifisert person. I gjennombrotsromanen din, Sofies Verden, snakkar Sofie med ein noko vag vaksenperson, ein som viser seg å vere ein filosof, ein med genuin interesse for å snakke med unge Sofie. "Anna" snakkar med ein psykiater.  Økopsykologien er ei retning som ser på korleis vi har fjerna oss frå naturen. Naturen er "der ute", til forskjell for det som er nærmast oss, som er "her inne". Eitt av problema som økopsykologane viser til, er at folk kan vere treige til å endre seg. Vi fryktar endring. Men kan ikkje det då også bli ei løysing: Viss det går opp for folk at veret blir endra – for alltid?

– Folk er laga på den måten at vi har eit godt horisontalt syn. Vi ser utover og ser etter farar og plassar og gøymestader. Vi ser einannan, det som er nærmast: «eg ser på deg og du ser på meg». Det gjeld lenger enn i naturen. Vi er ikkje laga til å sjå vertikalt. Vi må ta grep, må heve oss over naturen, og gjere noko kulturelt, seier Gaarder, og gjentar dette fleire gongar også seinare: At vi må ta tak – eller at vi treng å bli tatt tak i. I Anna sett Anna høge krav til beilaren Jonas. For å få sjans på henne, må han redde minst 1000 (!) artar frå å bli utrydda. Om han klarar det eller ikkje, er noko av det som lagar suspens på det mellommenneskelege nivået. Innanfor TV-drama kallar ein det det "domestic drama" som kan pakke inn det meir moralske eller teoretiske stoffet. 

– Vi møter Anna den veka ho skal bli 16. Også det ein overgang, til den formelt vaksne alderen – i seksuelle termar. Ei kjærleikshistorie rammar inn det essayistiske stoffet ditt. Kva er tanken din med det? 

– Det er sjølvsagt "sukker" for å lokke lesaren til å lese det meir tunge stoffet, seier han. Og kva er dette tunge stoffet som vi – medvite eller ikkje – held frå kroppen?

– Klimakrisen er som eit lite dyr som kjem inn i huset, og som ein ikkje orkar å fjerne. Det veks seg stort, heilt til det er så svært at ein ikkje får det ut. No byrjar det å bli stort, seier Gaarder, som sår von når han fortel kvifor han trur det framleis nytter å skrive om klima: 

– Om kvar nordmann betalar 2000 kroner i året, kan vi redusere klimautslepp med 60% innan 2050. Men rekninga stig for kvart år vi ikkje gjer noko. Til slutt klarar vi det ikkje. Difor er det viktig at vi gjer noko snart, seier Gaarder, og krediterer opplysninga til professor og klimaaktivist Jørgen Randers. Og frustrerande må det vere for ein pengegivar som Jostein Gaarder, å vite at det kan stå på pengar, det å redde klima og miljø. Sjølv har ikkje – denne av dei mest omsette forfattarane i Noreg – vore i eit fly på to år. I neste veke skal han på ein konferanse i Wien. Då tar han båt til Kiel, og kjem seg med tog frå Kiel til Wien på ein dag. 

 

Mange slags endring

Alle aldrar er formative. Men det finst ein del som hevdar at barndom og ungdom er meir formative enn andre aldrar. Då Sofies Verden i 1995 vart den mest selde boka i heile verda, kan Jostein Gaarder ha vore med på å forme måten barn og ungdom tenkte – verda over. No undrar Gaarder seg over at miljøspørsmål har så liten plass i Sofies Verden: 

– "Klima" førekjem ein einaste gong i Sofies Verden. Men då til gjengjeld nemnt som eitt av to grunnforhold i verda. 

– Eg veit det! Då eg skreiv Sofies Verden ante eg ikkje noko om kor viktig dette skulle bli. Og når det er sagt, så ville eg ha gitt Sofies Verden ein heilt annan undertittel, om eg visste at det skulle skje med boka, som skjedde. Eg trudde ikkje at ho skulle bli omsett til svensk ein gong. 

Anna driv miljøaktivisme i bloggform i lag med Jonas. Om natta drømmer ho seg 70 år fram i tid, og møter det framtidige oldebarnet sitt. "Nova" er så sint på generasjonane før henne at ho jagar Anna inn i skogen. 

– Det er påfallande kor lite opptekne folk er av å gi kloden i god stand til etterkommarane. Til gjengjeld har vi i Noreg ein godt utvikla bondeetikk, som går på å skulle etterlate garden i betre stand enn då vi fekk han, seier Gaarder, som namedroppar ein heil drøss med artar – og skildringar av dei – i Anna. Gaarder har alltid brukt skrivinga til å sirkle inn noko eller nokon sin sanne natur. I debutboka Diagnosen og andre noveller – handlar det mellom anna om dette med å setje "språklege diagnosar". Kva er den eigentlege naturen av vinen, eller av kvinna? 

– Kva er du, Jostein Gaarder?

– No skal eg halde meg frå å svare utan å tenkje meg om. Kona mi pleier å seie det til meg "kan du ikkje i det minste late som at du tenkjer deg om før du svarar?" Men eg har eit svar, og det er at eg er naturromantikar. Og eg er panteist. Eg opplever naturen og livet på jorda som noko heilag. Eg går mykje i naturen, går i Nordmarka tre – fire gongar i veka. Eg skal ikkje late som at eg alltid tenkjer på The Big Bang. Men eg kan tenkje på store ting, som at eg kjenner meg heime i universet. Kloden er 4, 5 milliardar år. Det er ein tredjedel av tida universet har vore til. Ryggbeinsdyr har eksistert på kloden i ti prosent av tida den har vore til. Det fyller meg med meining, og kjensla av å vere med på noko stort, seier Gaarder. 

Tre spor

For ordens skuld: Anna har tre hovudspor: Historia om Anna, historia om Nova, og essayistiske innslag. Forma er ei av tablå, som ein sti av steinar – i tre filar. Gaarder har sjølv snakka den poetiske kvaliteten av boka ned – og kalla ho argumetnativ. Men denne lesaren finn ein form for ambivalens og openheit, i tillegg til presise og rørande skildringar av natur. Og sjeldan har dei vore så relevante og hatt ein så relevant plass som i denne boka, der den estetiske opplevinga motiverer til handling. Men likevel: Korleis har det vore å skrive ei meir målretta bok, der formen også er meir tydeleg, og kanskje noko polemisk?

Eg trur ikkje at dette er den boka som har dei største litterære kvalitetane. Det var ikkje målet mitt med denne boka å skape stor kunst, seier Gaarder, som er ein av dei mange som allereie har meldt seg på til medlemsmøtet 16. november.  Har du meldt deg på enno? Viss ikkje, skriv til post@forfatterforeningen.no no, og meld i frå om du skal vere med på møte og middag, eller berre møte.