Gamle ringrevar presenterar … (#3)

– Sverre Udnæs var den andre, største dramatikaren i Norge, etter Ibsen, seier Jan Erik Vold under laurdagens lansering av Bokvennen 3/2010, og legg til:
– Og no må NRK sjå til å sende fjernsynsteatra som han laga, i reprise!

– Sverre Udnæs var den andre, største dramatikaren i Norge, etter Ibsen, seier Jan Erik Vold under laurdagens lansering av Bokvennen 3/2010, og legg til:
– Og no må NRK sjå til å sende fjernsynsteatra som han laga, i reprise!

Det var sleppearrangement for tidsskriftet Bokvennen hos Vidarforlaget i Universitetsgata i går kveld. Dei inviterte forfattarane hadde med seg ein "kompis" kvar på scena. Johan Harstad (f. 1979), til dømes, hadde med seg skodespelaren Mattis Herman Nyquist, som framførte to monologar av Harstad. Vi skal presentere Harstad seinare på denne sida. I dag skal det handle litt meir om Jan Erik Vold (f. 1939), og litt om "kompisen" som hadde med seg på scena:

Jan Erik Vold debuterte skjønnlitterært i 1965, og fekk Tarjei Vesaas Debutantpris for "Mellom Speil og Speil". Han er lyrikar og essayist, og kjem i år med boka "Fem Stemmer" (Aschehoug). I denne boka, som i fleire andre, nyttar Vold høvet til å framheve kollegaer som han beundrar. Vold gjer det i skrifta, og til scena. Av alle store "framsnakkarar" av i dag, er Jan Erik Vold ein av dei beste. Få, om ingen, av dei store, norske forfattarane av i dag held fram kollegaer og venner på ein så varm og raus måte. Det er sjølvsagt mykje å seie om omgrepet "framsnakking", og at vi allereie, nokre månadar etter at det blei heitt, treng eit meir presist omgrep. Poenget no er at Jan Erik Vold har nytta høvet til å halde fram dramatikken til Sverre Udnæs (1939). Vold har skrive eit essay om denne forfattaren av fjernsynsdramatikk. Essayet er på prent i Bokvennen 3/ 2010. Ei munnleg utgåve av framlegget var å høyre frå scena hos Vidarforlaget seint i går kveld, laurdag 18. september:

– Udnæs var fødd til dramatikar. Han vaks opp med ei mor som snakka som ei kvern, ein var som var meir stille, og var tidleg introdusert til kontrastar. Og til dialog, seier Jan Erik Vold, og legg til: .
– Udnæs blei tidleg oppteken av fransk nyfilm, og av polsk film. Han laga ein fantastisk film for kino, som 300 folk såg. Filmen var nok for god! Udnæs laga stykke som var på nivå med Tsjekhov sine kammerspel.

For Bokvennen har Jan Erik Vold skrive essayet "I dette hvite lyset" – om Udnæs. I essayet gjengir han eit intervju med det fantastiske namnet "Jeg skriver fordi jeg ser en situasjon". Udnæs seier, mellom anna: "(…) enhver familie må ha en syndebukk, ellers fungerer den ikke.
– Eller en taper?
– Eller en taper. Og hvis denne taperen blir en vinner, ved hjelp av behandling, så må familien finne en annen. (…)

Attende til Vidarforlaget, laurdags kveld, fortel Jan Erik Vold om den vellykka, elleve år eldre bror til Udnæs: Den hyggelege, godt gifte økonomen, som framleis lever. Sverre Udnæs døydde av hjarteproblem i 1982. Han var bare 43 år gamal, og på ingen måtar klar for å dø. Udnæs ville leve, og ville gjere ferdig eit manus han jobba med. Og empiri viser at Udnæs treng å vere her, for å halde forfattarskapen sin levande. NRK sender ikkje fjernsynsteatra som han laga i reprise.
Det er uforståeleg for meg, seier Vold.
NRK har verka. Dei har teknologien som skal til for å sende dei om att, seier Vold, og nytter høvet til å rette fokus mot noko anna som han finn uforståeleg:Fordelinga av merksemd i norsk teater:

– Kvifor snakkar ingen om Udnæs? Fosse ligg som eit lokk over norsk dramatikk. Men det går ikkje ein dag utan at eg tenkjer på Udnæs, seier Jan Erik Vold, om vennen som var ein månad eldre, og som han møtte for første gongen i militære. Er Vold affektert? Definitivt. Objektiv? Både ja og nei. Her er nokre genuine brotstykke av kuriøse fakta. Visste du til dømes at Udnæs, etter å ha sedd Godard-filmen A bout de Souffle, fekk ei vane med å stryke handa over munnen?