Glasial pust

Kjære Freddy,her får du nokre linjer som strekker seg ut frå heieområda mellom Setesdal og Ryfylke, frå min eigen barndom, frå turar attende til det landskapet…

© Mette Karlsvik

Kjære Freddy,

her får du nokre linjer som strekker seg ut frå heieområda mellom Setesdal og Ryfylke, frå min eigen barndom, frå turar attende til det landskapet eg den gong høyrde heime i og som eg alltid vender attende til; og linjer enda lenger tilbake i tida, gjennom generasjonar som hadde dette landskapet som sitt livs-landskap: eit landskap som heldt livet oppe. Dei hadde ein kunnskap som ikkje står så høgt i kurs i dag. Det burde den gjere. Den inneheld ei sivilisatorisk kraft av ein annan karakter enn den som umiddelbart lar seg måle, og omsetje. Desse linjene har eg henta ut til deg frå eit langdikt som vart heitande 'Vidde', og som vart til mellom 1982 0g 1990:

………..

Alt er far:
etter tunge isskreier, dei hòlka
lendet ut, runda det, slipte

Vi går i ein kvelv, eit avtrykk:
den store gjennomsiktige kuldens
negativbilete

Ennå i mjuke sommarkveldar
kan du ane
ein glasial pust


På botnen finst det tolmodige livet
lavets kodemelding
ei skrift på steintavler
som lyset les av
eller fingertuppane dine

Eit mønster av tid
Eit stjernebilete under handa


Lavet: sopp og alge
dei bur i kvarandre
Utan kvarandre
ville dei døy
Det er ei langsam kjærleiksakt
under oss, over alt

…………

Reinsmosens små blåseinstrument
tonar kvelden inn
For å høyre det
må du bøye kne

………….

Desse linjene til deg, i dag –