«Godt radiospråk er direkte bilder. På sitt beste er radiospråk poesi.»

Formidlaren Linda Eide blei til i eit studio hos NRK då ho var tjue. Sidan då har ho jobba mest med munnleg formidling. Men ein…


Formidlaren Linda Eide blei til i eit studio hos NRK då
ho var tjue. Sidan då har ho jobba mest med munnleg formidling. Men ein
av veggane i bustaden hennar er bytta ut med bokhyller. Hyllene er
teikna av bror til Eide. Det er óg ei frittståande bokhylle, som veks
organisk rundt ein skrivepult. Her er det godt å vere.

Pannekakerøra

Det er søndag i Nygårdsgaten 63. Oppslått på kjøkkenbenken er eit
maskinskrive hefte litt større enn A4, skreven av Inger Lidsheim
heimkunnskapslærerinna frå barneskulen. Mellom oppskrifter på
rullekaker, kjøttkaker, fiskekaker, kakefest og våravslutning er det
bilde av ei vossaelv i full vårløysing, med bildeksten "Reint vatn er
eit privilegium". Ein halv kopp vatn, ein kopp mjølk, to matskjeier
sukker: Eide lagar Lisso sine pannekaker, med mykje egg. Journalisten
Linda Eide vart klekt i eit studio hos NRK då ho var tjue. Sidan då har
ho jobba mest med munnleg formidling. Men ein av veggane i bustaden
hennar er bytta ut med bokhyller. Hyllene er teikna av bror til Eide.
Det er óg ei frittståande bokhylle, som veks organisk rundt ein
skrivepult. Her er det godt å vere. Ein heim med Linda i forklé og
pannekaker på gang på kjøkkenet. Det er som ho skriv, journalist Marit
Eikemo, allereie i 1998: Alt er som vanleg med Linda Eide. Vanleg inntil
det surrealistiske. Dette intervjuet er blitt til gjennom to samtaler:
ein prat som eg hadde med Eide på biblioteket i Bergen eit par dagar
tidlegare og møtet heime hos henne. Den første delen av dialogen er i
frå samtalen på biblioteket, den siste er frå Nygårdsgaten:

Men først: Bøkene som Linda Eide tilrår folk å lese

Samtidsruinar, Marit Eikemo

En flyktning krysser sitt spor, Axel Sandemose

Harald Grønningen – I det lange løp, Fortalt til Arne
Svendsen

Gull og grønne laurbær, Jan Egil Storholt

Fred A. Maier forteller til Knut Bjørnsen, Knut Bjørnsen

 

– Du har fortalt meg at du som born las biografiar; Historien om –
bøkene, og biografiar av norske idrettsutøvarar som du ikkje eingong
visste kven var: Harald Grønningen, Jan Egil Storholt, Fred Anton Maier,
kvifor las du dei?

– Det var bilde i dei bøkene. Bilda var gevinstar som ein fekk når
ein hadde lese seg gjennom bøkene. Dei som laga bøkene var sleipe. Ein
må lese heile boka før ein får sjå på bilda.

– Du las Asterix, Billy, Lucky Luke, og Sprint, ein journalist…

–  Nei, nei, Sprint var ein eventyrar, ikkje journalist. Det meiner eg bestemt.

– Det kan vel vere to sider av same sak. Sjølv gjekk du rett frå teikneseriane til Bjørneboe, Sandemose, alvorlege karar.

– Det var noko greier som eg las i gymnastida. Eg veit ikkje heilt kvifor eg las det. 

– Men så fann du Gerd Brantenberg?

– Eg hadde på den tida byrja å skjønne at eg var i den andre fila,
det var ikkje lett å finne litteratur som traff meg då. Det var ikkje
noko der som handla om Per og Per som laga ein heim i lag. Men så skreiv
Brantenberg om ei jente som var forelska i ei jente.

– Om ein legg godvilja til, kan ein vel også finne spor av
orienteringa i den tidlege lesinga di også. Du har lese Anne Cath
Vestly, som ikkje bare skildrar heterokonvensjonelle samlivsstrukturar,
men også moderne familiar.

– Det tenkte eg ikkje så mykje
på då eg var born og las om Aurora som budde aleine med pappa. Eg tenkte
at den fråverande forelderen var på Nordsjøen det meste av tida og
jobba på oljeplattform.

– Medan vi ventar på Godot av Beckett er ein annan av dine favorittar.

– Det er frå grunnfag litteraturvitskap. Andre favorittar frå den tida var Madame Bovary og De dro til fyret.
Men då eg kom opp i munnleg eksamen i litteraturvitskap, og fekk
spørsmål om ein av absurdistane, spurde dei meg kva stilretning boka var
skrive i, dei lokka meg utpå, spurde: var det realistisk? Ja, svarde
eg: Ja! Det er realisme!

– Den eksamenen verkar
surrealistisk. Det er ikkje heilt ulikt eit teaterstykke som du skreiv
under denne tida i Trondheim. Det var skrive særskilt for togstasjonen
på Lademoen. I stykket ditt har konduktøren med seg bart og briller og
andre rekvisittar for å få folka til å likna id-korta sine. Når ho ikke
får dei til å likna med rekvisittane, kasta ho dei av. Les du andre
absurdistar?

– I trettiåra vart eg med i ein leseklubb som ei god vennine starta
for å redde ekteskapet sitt. Me budde alle ulike stader i landet og kom
saman for å snakka om ei bok me alle hadde lese til samlinga. Fyrste
boka trur eg var Camus Pesten.

– Camus og Beckett, det er ei line mellom dei. Camus var kanskje
den første til å definere omgrepet absurditet, i essayet Sisyfosmyta.
Der skildrar han det absurde ved livet. Mens Camus teoriserte omgrepet,
praktiserte Beckett det som dramatikar.

Konduktøren på den surrealistiske togturen meiner at endestasjonen er
nær for den delen av intervjuet som er henta frå biblioteksamtala. No
reiser vi to dagar fram i tid, til søndag, og nokre hundre meter
vestover, til Nygårdsgata. Her bur Linda saman med kona Elena frå
Sverige: 

Linda eide bokhylle


–  Min lesnad har blitt påverka av min sambuar Elena. Først og
framst fordi eg har blitt god til å lese svensk, som Johanna Nilsson og
bøkene Rebell med frusna fötter, Konsten att vara Ela, De i utkanten älskande. Torbjörn Flykts Underdog, Carl Johan Walgrens Kunzelmann & Kunzelmann og Ekelunds Jag vil ha hela världen
er dømer på ting eg har plukka opp. Men eg har ikkje  Selma Lagerlöf,
som vi hadde eit problem med begge to. Men Elena har introdusert meg til
Sofia Karlsson sin poesi. Svenskane er inderlege men ikkje svulstige.
Vreeswijk er fantastisk. Det var ein gjennombrot for meg då eg oppdaga
at han syng om Felicia, som også Aksel Sandemose skriv om. Det er
samanhengar å finne. Referansane er ikkje utilgjengelege. Vreeswijk
brukar enkle ord, og talar rett til hjartet. Samstundes seier han ikkje
alt rett ut. Det blir bilde på bilde.

– Du har sagt at du jobbar med å lage bilde i språket som radioreportar. Kva har du lært av Vreeswijk når det kjem til dette?

– Vreeswijk er enkel og poetisk. Han skapar bildet umiddelbart. Eg
kjenner alle dei orda som han seier og dermed snakkar det til meg. Det
gir det meining, og det blir bildeskapande, som Högsta berget bor jag på (Deirdres samba, forf. anm).

– Apropos meir eksotiske himmelstrøk: Kan du forklare denne store korga full av kart?

– Eg driv no og fartar og fer. Ein gong tok eg sykkelen på
danskebåten, sigla til Danmark, og sykla gjennom Danmark til Nederland.
Då tok eg med meg dette bilkartet, alt for lite detaljert, sjølvsagt, og
brukte halve tida til å stoppe og leite etter dei rette vegane. Dei
små, kvite, det er dei som ein kan sykle på.

-Og her er hollandsk-norsk ordbok.

-Boka er gitt ut i Nederland, og er laga for hollendarar. Dei
refererar til vossamåluttalen kor ao brukast i staden for å, som blao i
vossamål for blå. Difor syntes eg at eg skulle ha henne. Eg reiste mykje
til Nederland, og var ganske god til å snakke nederlandsk. Ein må bare
lære seg denne hrghssjj-lyden, seie han i staden for G, og hugse at Jei
tydar du. Elles liknar det mykje på norsk.

– Du seier at du reiser mykje, og syklar mykje. Les du noko særskilt for å førebu turar?

– Då vi sykla til Berlin, las eg mellom anna The Innocent av
Ian McEwan. Boka skildrar den kalde krigen gjennom ein enkeltpersons
skjebne. Eg har alltid vore interessert i den absurde situasjonen i
Europa etter andre verdskrigen. Dette er difor ei bok som eg tilrår alle
som har interesse for tema. Men kor det dundrar! Er det vaskemaskina?

– Eg veit ikkje, eg høyrer ikkje. Det minnar meg om då du
underviste meg og medstudentar i journalistikk og du lærte meg ordet
sorl  på 00-talet. Sorl, sa du, med R like lang som ei sentrifuge, og
lærte meg at det er eit journalistomgrep for lydar som står i vegen for
kommunikasjon eller formidling.


– Ei einaste pensumbok har eg ståande her i bokhylla mi. Retorikk for journalistar.
Ho gjorde inntrykk fordi ho ga meg namn på språklege fenomen. Eit døme:
zeugma, Det er, eg hugsar det veldig godt, når ein brukar det same
verbet til å seie to heilt ulike ting. Til dømes: Han la beina på bordet
og planar for framtida. Det er ei veldig kontrast mellom to så konkrete
ting. Thore Roksvold skriv om klisjear også, i Retorikk boka. Ein gong i
tida fekk folk klåre bilde i hovudet når ein sa gå av stabelen. No kan
ein like gjerne seie det skjer. Ingen hugsar at å gå av stabelen, var då
skip blei sjøsette og rulla ned ein stabel. Det var ein stor
begivenheit hamnerbyar, kanskje det aller største. Men no gir det ikkje
lenger meining eller bilde. Ofte er det slik at det er i feilsnakkinga
at det interessante skjer. Det var ein gong ein radioreportar som sa og
det kom som jólenissen på kjerringa. Det var mykje artigare enn
jólekvelden på kjerringa, ikkje sant? 

– Du er vegetarianar, og har Eating animals av Jonathan Franzen. Har du lese den?

– Nei, men eg veit at eg er einig i alt som står i ho. Eg har lånt boka av ein kollega. Elena har lese ho og eg skal lese ho.

– Du har skrive teksten for eit jólehefte om ein gris.

Jolagrisen Gisse og andre tragiske jolaskjebner. Ho har historia om Veslelesbas jolanatt, om ei som kjem ut på jolanatta. Den har blitt ein klassikar i lesbemiljøet.

– I det same jóleheftet er historia Då gamlemor baka seg i hel,
ein annan form for klassikar. Du har óg skrive boka Norsk Attraksjon
etter ein lang periode kor du bare jobba med TV-mediet. Korleis var
overgangen til å skrive prosa, etter så lang tid med TV-språk? 

– Ein glømmer å skildre ein del ting når ein skriv bøker viss ein har jobba med tv. Norsk Attraksjon
er ei klassisk prosabok. Eg jobba med kvar setning, og forsøkte å lage
ein dramaturgi i kvar historie. Det som eg fokuserte på, var å skildre
kvar person, og gi nokre hint om korleis dei ser ut, utan at det blir
ein politiskildring av det, av typen Han var 1.70 høg, osv.

– Kva bøker las du mens du jobba med boka?

– Eg las i bøker som Eikemos Samtidsruinar og Dublin av
Grytten.  Det var for å komme inn i dette med bøker igjen. Arket låg
der heilt kvitt og reint då eg sette meg ved arbeidsbordet.

– Og kva for bok blei det av Attraksjon?

– Det blei ei reportasjebok frå nokon som går rundt og observerar. Men no må vi ete.

Eide har forkle om livet, steikespade i handa, og appetitt på livet.
Eides leseliv byrja over matbordet med blader som motra, mor hennar, tok
med heim frå Narvesen. – Å lese teikneseriar då eg las kveldsmat. Det
var toppen. Men sølte eg syltetøy på dei, var det krise, fortel Linda
mens ho smør økologisk syltetøy over ei pannekake som er skakk i forma,
lys i farga, og med brune flekkar som ei hollandsk ku. Om dette er mat
for jenter som syklar til Nederland og Berlin, det seier ikkje Lisso si
bok noko om.