Gratulerer med dagen, Helge Torvund!

Helge Torvund fylte nyleg seksti år, og blir hylla av Samlaget med diktboka Diktkammeret. Boka blir lansert på Litteraturhuset den 30. oktober. På forlagets heimeside kan ein lese om jubilanten, og om jubileumsboka, som han er medredaktør for. Den andre redaktøren er Maria Børja:

torvund

Gjennom ti år har Diktkammeret vore ein klekkje- og boltreplass for ny poesi på nettet. Kvar månad blir det posta 6000 nye dikt på Diktkammeret, og heilt sidan starten har det blitt kåra «Månadens dikt». Helge Torvund har vore med og valt ut desse, og gitt entusiastiske og innsiktsfulle kommentarar. Både dikta og kommentarane er samla i denne boka.

Helge Torvund har vore med sidan starten og skrive leksjonar i diktskriving. Desse er òg samla her, og utgjer ein eigen bolk om diktarkunsten. Boka inneheld også nye intervju med nokre av dei mest aktive forfattarane på Diktkammeret.

Konsulent i Samlaget, Brit Bildøen seier dette om Torvund posisjon:

-Helge Torvund er ein raus og klok poet. Dikta hans er konkrete, sanselege og nære og gir hjelp til å forstå oss sjølve og omverda. Torvund er også heilt sentral som veiledar for unge diktspirer. Det han har gjort med Diktkammeret i Dagbladet er eit lite mirakel. Det har stor betydning for dei som brukar dette, men òg for poesien sin posisjon og status i Noreg.