Grunngiving for tildelinga av Tarjei Vesaas debutantpris for 2015

Då Tarjei Vesaas debuterte med Menneskebonn i 1923, 26 år gammal, hadde han møtt mykje motgang på vegen fram til utgjevinga. Motivasjonen hans ved opprettinga…

3

Då Tarjei Vesaas debuterte med Menneskebonn i 1923, 26 år gammal, hadde han møtt mykje motgang på vegen fram til utgjevinga.

Motivasjonen hans ved opprettinga av Tarjei Vesaas debutantpris (i 1964) var å kunna sjå og prisgje det unge, talentfulle skrivearbeidet alt ved første bok. Her, blant dei yngste, finn ein ofte det grenseutvidande prosjektet, det litterære eksperimentet.

Årets prisvinnar imponerer med ein filosofisk, aforistisk og erkjennande prosa. Gjennom konsise og uthaldande fragment, undersøker forfattaren ein ung manns einsemd, sjølvforakt og depresjon, begjær og kjærleikssorg. I dette eksistensielle nullpunktet blir litteraturen både redninga og hindringa.

Ein stad i boka stiller han seg spørsmålet om litteraturen er eit symptom:

«Hva om litteratur er både symptom og medisin om hverandre? Hva om det skifter så umerkelig mellom de to, at man tror det er det ene, når det egentlig er det andre?» (s.69).

Bokas litterære samtale, frå han til ho, gir tankekraft og næring som fører stillstanden rundt eit innestengt liv, framover. Og den lengta og handlingslamminga som kikkar ut på livet gjennom sprekkene i persiennene, held smerte og språk oppe. Boka fortel oss om det håplause mellom menneska i kjærleiksbrotet, men når det får virka, ligg håpet nettopp i litteraturens – og her – brevets verknad. Slik er forfattarens prosa også ei undersøking som peikar utover det individuelle og vonde.

Her er tilvisingar til klassisk litteratur, mellom anna Marcus Aurelius, Roland Barthes og François de La Rochefoucauld, forfattarar som dyrka det fyndige gjennom brev- og kortform, og sjølv om det er høgverdige inspiratorar, er det også god plass til den trivielle observasjonen.

Romanen “Rastløs” er full av paradoksale setningar med stor språkleg presisjon. Ein stad i boka heiter det: «Når litteraturen kommer i veien for livet, og livet for litteraturen, må de bringes sammen på nye måter», og det uttrykker på mange måtar kjernen i det arbeidet prisvinnaren utfører i denne romanen. Han forsøker å bringa litteraturen og livet saman på nye måtar i tekstar som varierer i haldning, stil og form.

Foreininga av det banale og det høgverdige, det nedrige og det lærde gjer “Rastløs” til eit underleg og motsetningsfylt verk, som til tross for sine knappe hundre sider opplevast som uvanlig innhaldsrik. Og det er difor ei glede å gje Tarjei Vesaas’ debutantpris for 2015 til Kenneth Moe.

Eirik Ingebrigtsen, leiar av Det litterære Råd