«Halde fram som planlagt»

«Vi vakna til triste nyhende om terror. Men som ved slike store hendingar er det viktig å halde fram som planlagt,» begynner Sigmund Løvåsen  i…

fullsizerender

«Vi vakna til triste nyhende om terror. Men som ved slike store hendingar er det viktig å halde fram som planlagt,» begynner Sigmund Løvåsen  i velkomsttalen til årets medlemsmøte for DnF. Dessverre blir det eit ubehageleg aktuelt møte. Det handlar om ytringsrommet i Noreg før og no. Det begynner med ein post om korleis DnF kan ha vore med på å innskrenke ytringsrommet:

Ein går då attende til Andre verdsrkrigen. NS styrer landet. Her er NS-forlag som Stenersen og Blix. Forfattarar streiker mot desse forlaga. Men nokre forfattarar gjer omsetjingsarbeid for desse. Nokre forfattarar gir ut bøker på NS-styrte forlag, opptrer på NS-arrangement eller NS-styrde kringkastingskanalar. 20 DnF-medlemmar er også medlemmar av NS. Desse blir dømt under landssvikoppgjeret. Kunstnarforbunda har ein eigen domstol der dei straffar sine eigne. DnFs «Æresrett» består av tre medlemmar. 17 forfattarar som ikkje var medlemmar av NS blir dømt av DnFs æresrett. Blant straffene er Inndratt inntekt, karantene i utgivelse, og ein form for «skriveforbud». Dette siste var ansett som mange som verre enn fengselsstraff. Dei som blir eksludert frå DnF blir boikotta av forlaga sine. Kvart femte medlem var ramma av æresrettens dommar. Æresretten tar føre seg «De medlemmer som på grunn av nasjonal svikt under krigen har gjort seg uverdige til å være medlemmer av foreningen (…).

(Bilde: Dag Solhjell)

Kunstsosiolog Dag Solhjell gjer greie for Æresretten for medlemsmøtet: Alle kunstnarforeiningane har sine æresrettar. DnFs æresrettkomité består av tre medlemmer. Retten rapporterer til DnFs styre. Styret rapporterer til medlemsmøtet, før det går til Årsmøtet: 24. mai holder DnFs æresrett sitt første møte. 1. oktober har DnF sitt haustmøte. Her blir lista over dei eksluderte lese opp høgt. DnF behandlar så æresrettssakene på Årsmøtet. Det skjer følgelig i full offentlighet. Dei dømte mistar medlemsskapen i DnF over ei tid,. Tap av retten til å inneha tillitsverv. Å for en viss tid holde seg unna publisitet.

«Eg er glad for at DnF etter 15 år lar meg få snakke.»

Soudabeh Alishahi er frå Iran og kom til Oslo som fribyforfattar for 15 år sidan. Den 15. november kom ho då til nettopp Rådhusgata 7 for å møte dåverande leiar i DnF. Ho held eit framlegg om reisa si – om det å vere ein publisert forfattar i Iran, og møte utfordringar i Noreg. Ein av påstandane til Alishahi er at ein forfattar utan fagforeining er ein forfattar utan ytringsfridom.

Manal Al-Sheik er ein annan fribyforfattar som snakkar til Medlemsmøtet. Ho kom til Stavanger som fribyforfatter frå 2009 til 2011. Ho hadde då publisert fleire bøker på arabisk i Irak, og hadde bygd ein forfattarskap der. «Det var ikkje lett å komme til Noreg og prøve å vere forfattar», seier Al-Sheik, som prøver å lære seg norsk. «Eg har hjelp av norsk for å få meg ein jobb. Men ikkje for å skrive skjønnlitteratur», seier ho. Slik blir hennar ytringsrom avgrensa i Noreg. Også at Noreg har to skriftspråk er ei utfordring for henne. Al-Sheik ønskjer sterkt å lese nynorskforfattarar som Jon Fosse. Men den norsken ho har lært, er bokmå l. Ho klarar ikkje å lese Fosse.

Foto: Manal Al-Sheikh 

"Korleis taklar demokratiet Noreg dei eksplisitt antidemokratiske?"

Ulrik Imtiaz Rolfsen jobbar med ein dokumentarfilm om den terrormistenkte islamisten Ubaydullah Hussain. Ein i Rolfsens team får særleg tillit frå Hussain, og får vere med på ein tur til Sverige – med ein norsketnisk islamist på veg til kamp i Syria. I oktober i år kjem PST heim til Rolfsen og beslaglegg materialet. «Kva skjer med ytringsrommet når myndigheitene grip inn på den måten?» spør Sigmund Løvåsen.

Rolfsen fortel Medlemsmøtet om beslaglegginga, og om materialet han hadde: 400 timar med opptak med Hussain og dei andre rundt han. Han seier også noko om motivasjonen til å spre informasjonen som han sitt på: «Vi kan ikkje hindre folk i å tenkje eller si. Det som vi kan og må hindre folk frå, er å gjere. Det er innmari vanskeleg å balansere på den knivseggen. Det er klart at eg kan bli forbanna.»

Rolfsen seier også: «Det er ein veldig balansegang. Og det blir ikkje mindre etter det som skjedde i Paris i går kveld. (…) Løper eg dei ei teneste? Kven lurer eigentleg kven? (…) Korleis taklar demokratiet Noreg dei som er eksplisitt antidemokratiske»