– Har aldri vore premie før!

– Eg har aldri før vore ein premie. Så dette er kjempegøy, seier Hilde Østby. Forfattaren og journalisten har jobba for aviser som Dagbladet og…

Hilde Østby (t.v) og Thor Sørheim © Mette Karlsvik

– Eg har aldri før vore ein premie. Så dette er kjempegøy, seier Hilde Østby. Forfattaren og journalisten har jobba for aviser som Dagbladet og Dagsavisen, før ho vart NFFs informasjonsansvarlege. Ho debuterte som skjønnlitterær forfattar tidleg i 2013, med Leksikon om lengsel. Boka, som mellom anna handlar om kjærleik, litteratur, idéhistorie og filosofi, har fått ei uvanleg god mottaking. Avisar som triller terningar, som VG, ga Østbys bok seksarar. Meldarar tru til orda, har skildra boka som vittig, smart, med kraft, og som kvalifisert historieforfalsking. Østby er idéhistorikar av utdanning, og drar veksel på dette i verket. Som forfattar Thor Sørheim altså kan få opplesning frå. Alle 113 som gjesta julemarknaden i går, søndag, fekk eit lodd. Premien i loddtrekninga er det som Norsk Forfattersentrum kallar "Opplesning m.a. opptil 30 minutt". DnF lodda i fjor ut Torgeir Rebolledo Pedersen. Tove Nilsen vann han, og henta ganske nyleg ut premien. Hendinga var, i følgje Pedersen sjølv, vellykka og triveleg. Kva med premien Hilde Østby, korleis håpar ho at Sørheim og hans kollegaer vil bruke premien?

– Eg har sagt at eg gjer det aller meste, sett bort frå seksuelle tenester, ler Østby, som har ein del talent som dei mange mediesakene om henne ikkje har fanga opp – enno. Visste du til dømes at ho er svært god til yoga?