– Har du funnet stilen din? Kva skal du no gjere?

Litteraturhuset i går kveld, var Haugen inne på noko av det same. – Eg skreiv Anne fire-fem gongar. Då hausten nærma seg tusla eg over…

paalhelgehaugen

Litteraturhuset i går kveld, var Haugen inne på noko av det same.
– Eg skreiv Anne fire-fem gongar. Då hausten nærma seg tusla eg over til forlaget. Det gjekk nokre veker, og så var boka ute. Ho blei tatt så godt i mot at eg blei skeptisk. Men eg tenkte også at det var slike bøker eg skulle halde fram med å skrive. Det blei ikkje slik, sa Haugen. Men Anne blei likevel gjennombrotet, og boka han skulle få Kulturrådets Litteraturpris for. "Gjennombrotet" var nyleg tema for programmet "Kulturhuset". Ein snakka om norske rapparar som bryt gjennom i USA, og om Jon Fosses gjennombrot som dramatikar i Storbrittania. Bror Hagemann snakka om dei tinga som skal til for at gjennombrotet skal skje, om tida som må vere rett, og om konteksten. Konteksten for Anne var 1968 og ungdomsopprøyr i den vestlege verda.
– Eg var ikkje i Paris. Eg skreiv romanen Anne, seier Haugen, som skal ha kommet for seint inn til byen for å motta prisen for boka – i lag med Tarjei Vesaas. Skjorta skal han ha skifta i taxien. Tjue år seinare eksploderte Tsjernobyl, noko som då fekk plass i Haugens diktning. I dag, fem og tjue år etter det, skriv han om krig i skuggeromanen "A". "A" kan stå for Amerika, Afghanistan, for alle eller anonym, sa kompinist Cecilie Ore. "A" står også for Anne:

 

Ande inn

i. – Anne? seier Lars Petter Sveen, og er påfallande snar med å legge eit eksemplar av boka på bordet.Vi fekk henne inn i dag, frå eit dødsbo, eit fint eit ikkje sant? seier han som er bibliotekar og forfattar. Boka han snakkar om er smal og tynnhuda, med mjuk perm i gråtonar. Eit bilde av adskilte lepper. Bildet er grovkorna, og liknar hud med opne porar, som hud som pustar. Å puste inn er Inspirasjon på latinsk. Boka Anne virkar som eit inspirert arbeid. Punktromanen er storpora prosa. Han pustar. Anne kan ha vore inspirator for punkromanforfattarar som kom seinare. Bare på det som var Haugens forlag då han ga ut Anne, Samlaget, har Jon Fosse, Eva Jenssen, Brit Bildøen og fleire gjort sjangeren til noko meir episk, med rett høgremarg og meir kortprosaiske punkt. Også Cecilie Løveid og Eldrid Lunden har vore viktige i utveklinga av han. Men omgrepet er lite i bruk. Sjølv i katalogen til Deichmanske Bibliotek sliter Sveen med å leite opp bøker av typen. Mens han leitar, noko som tar lenger tid enn å finne Anne, seier eg:
– Sa du at Anne var frå eit dødsbo?
– Det er ikkje noko å bry seg om, seier Sveen og ser meg over skuldra. I tittelsida har den førre eigaren skrive namnet sitt med skakk og tett skjønnskrift utan luft i løkkene. Det er eit namnet til ein mann med orden i bokrekkene sine, som hadde hyller så fulle av bøker at sjølv dei som har vore lese fleire gongar blir som nye igjen etter ei tid i hylla. 

 

ii. Ein mann døyr. Han etterlet seg ei kiste med ting. ”Eg” kjem til eit mørkeloft, og opnar denne kista. Han finn ein ullstakk, ei skei med mørk rand, og eit bilde av ei jente med stor munn. Dette er opningsbildet frå Anne, og eit gjennomgangsbilde i kunsten. Tvillingfeber av Bildøen, Teori og Praksis av Frobenius, Innen familien av Tamara Jenkins, Dagbok, Brev og Biografi av Tomas Espedal har dette. Prousts madeleine-kaker er eit klassisk døme på affeksjonsobjekt som er katalysator for retrospekt. 

 

Oksygen. Hydrogen

i. REM-søvn auker resirasjon og tilfang av oksygen til hjernen. Det er under REM-søvnen at ein drømmar. Drømmen er idealet når eg, altså forfattaren av dette essayet, går Glasgow School of Art. Difor søv eg mest muleg gjennom eit, to, tre år. Men så ei natt ringer telefonen. Han er frå Noreg. Eg får ei sjokkerande melding. Adrenalinpromillen i blodet aukar. Eg søv ikkje på fleire dagar. Eg flyt ikkje med, og får ikkje bilde av verda. Eg lagar bildene sjølv no, og skapar meining av dette livet.

 

ii. Bildetkunst og skapande skriving er nært knytt til å skape med når ein les noko. Også difor oppdagar eg på denne tida forfattarar som Haugen. Anne er ei av desse bøkene som gir plass til medskaping. Ved første  blikk virkar ho fragmentert, som vatnmolekyl i gass. Med nærmare lesing ser ein at tekstane er i grupper. Gassen er innkapsla i einskilde bobler. Ballongar som heng i trådar. Trådane samlar seg til eit knippe i handa til lesaren. Lesaren tar buketten med dit han vil. 

 

iii. Frå vindauget til Torshov Bibliotek ser ein heilt til Oslofjorden. Det er når lufta er vinterklår som i dag. Bare luft skil Torshov frå havet i dag.

 

Lunge

i. (…) små bobler stig opp i gjørma mellom tuene. Der nede korte lyseraude planter. Saftige stilkar og trådar med rader av seige dropar, klare i lyset, klistrar seg fast til huda når ein rører dei, står det på side 45. Skildringa er til forveksling den av lungers anatomi. 

 

ii. Side 46: (…) Noko veks seg stort i Noko veks seg stort i kroppen, og let etter seg roleg og tomt. Eg kan vakne om natta og vite det, utan namn. 

 

iii. Side 47 er utdrag frå medisinsk handbok. Når smittestoffet har slått seg ned i lungene, blir det danna hampfrøstore, gråleg-kvite knutar i lungevevetiv. Om ein slår opp i Carl Von Linnees botaniske handbok, kan ein lære at Rundsoldugg er ein blæreblome. Frå blærene kjem enzym som liknar dei vi har i magesekken. Enzymane bryt ned komplekse protein, og lagar mindre molekyl av dei. Dei enkle molekyla kan planta fordøye. 

 

iv. Ved slutten av den kalde krigen kom dokumentarbøkene. Særleg mange svenske forfattarar samla, organiserte og organiserte faktafragment. Dokumentartekstuell roman er ein av sjangernemningane som Anne har fått. Anne blir skrive når den kalde krigen er heit. Men i motsetnad til dokumentarbøkene som bare var utdrag frå dokument og annan fakta, har Anne ein overvekt av lyriske tekstar. Men dikt kalla ein det ikkje, sjølv om høgremargen kunne vere ujamn. På sekstitalet sa ein visst tekst. 

 

v..Også tekst har fordelingsnøklar. Forfattaren balanserar mellom å styre meir eller mindre. I Anne finnst eit eg som vil nå eit mål. Han etterforskar ei historie av dødsfall i ei bygd. Eg søker nytt fotfeste etter eit særskilt dødsfall. Han brenn seg sjølv ut, blir sjuk, og kjem på sanatorium. På sanatoriet får han krefter og vitalitet, mens ei anna jente svinn hen og døyr. Boka sluttar på mange måtar der kor ho byrja. 

Syklusen

i. "Pioneer" kjem frå det franske ordet pion, som betyr han som kjem først – og som gjerne ryddar grunnen for dei som kjem etter. Nyryddinga er ei bok av Sigmund Løvåsen. For denne boka blei Løvåsen mellom anna berømma for å vere usentimental. Han blei sett inn i ein tradisjon i lag med forfattarar som Hilde Myklebust, Inger Bråtveit, Olav H. Hauge; forfattarar som rapporterar frå felten; frå eit liv i samklang med liv og død, haust og vår, og som kjem til den konklusjonen av at noko må døy for at anna skal stå opp og få liv. 

 

ii. Blodet renn ned på tykke planker, ut av den opne auebuken. Blod i kvit ull. Raud dampande buk, med glatte hinner over alt kjøtet. Kjøt/ kjøt. Mat til menneske, til meg. Gøym meg/ Saueaugo rykker lenge etter slaget (…) Hauge er også ein av dei som erstattar sentimentalitet med vitskap. 

 

iii. Isbreen smeltar. Vatnet rinn i elver, til havet. Det dampar. Regn, snø. Sleppe kontrollen og flyte med er idealet er idealet på Glasgow School of Art. Men støkket i kroppen, sjokket og sorga over å ha mista den som sto meg aller nærmast vekkar meg. Eg er på vakt. Sjølv på Arlington Batn Club sym eg no bare crawl, ikkje rygg. Eg kan ikkje bare flyte med. Arlington’s er ein type symjeklubb kor det ikkje er badevakter langs bassengkantane, men kor symjarane sjølv har ansavar for sikkerheiten sin. Det er også den typen badeklubb kor dei minimerar mengda klor i vatnet gjennom å kjøre temperaturen på vatnet ned. Bakteriar trivs ikkje så godt i vatn som held 16 gradar celcius. 

 

iv. Isberg er ein grei metafor for ein tekst. Bare 10% av meininga er skrive i klårtekst. Resten skal ligge mellom linjene. Forfattaren har fullt og heilt kontroll på teksten. Men meininga kjenner forfattaren kanskje bare halveparten av. v. I is er det ein fast orden mellom vatnmolekyla. Når is får tilført kraft i form av varme, begynner partikla i molekyla å røre på seg. Orden blir mindre, og tilfeldigheita større. Men sjølv i damp følgjer molekyla reglar i forhold til korleis partikla snur seg til eller frå kvarandre. For meg er tekstane i Anne som molekyl som svevar i luft. Ved første augekast luftig. Ved andre augekast er dei logiske.

vi. Av de litterære kunstformene foretrekker jeg prosa fremfor poesi (…) En tilfeldig verserytme virker ikke forstyrrende inn på prosaen, men en tilfeldig prosarytme får diktet til å halte, skriv Pessoa i Uroens Bok. Brå skifte i rytme, linjeskift er aldri tilfeldig i Anne. Boka er fragmentert, men ikkje springandevii. Frå eit konsulentfråsegn på eit romanutkast: Hovudpersonen får ikkje bare flyte med tilfeldigheitene. Hendingane skal vere av hennar eige iniativ. Ho skal ta val, og konsekvensar skal det få. Haugens eg virkar å ha som mål å finne samanhengen mellom ting han finn i kista på loftet. Ein kan kalle dette eit romantrekk ved Anne. Men prosaen i romanen Anne er ikkje tett. Han kjennes ikkje fastfrosen. 

Ja, og dette med at det er roman

i. Anne er fortalt frå eit eg. Når fortellaren er ei fluge på veggen, blir det større plass til lesaren. Lesaren skapar med i plassen mellom prosapunkta i Anne.

ii. Bøyger ein seg ned, ser ein fluger som heng fast, skriv Haugen. Han kunne ha skrive Eg bøyger meg ned og ser at fluger heng fast.

iii. Dette er eit av få handlingsreferat i Anne. Men dei er ikkje instrumentelle, og skapar ikkje framdrift for å nå eit fysisk mål men for å formidle ei sansning:

Når eg ligg stilt: Harde hjarteslag. Handlinga er der ikkje for å skape framdrift.

Når eg sett meg halvt opp, ser eg ut i den grå morgonen

Når eg går ned den bratte trappa

Eg støttar meg mot veggen

Når eg legg øyra ned mot markaFrå senga ser eg månen/ Eg tenkjer på smale menn og bleke barniv. Det som skapar framdrift i Anne, er forma: Vel ein ei bestemt form, har ein også valt ei bestemt retning i innhaldet, skriv Haugen i eit etterord til 1975-utgåva av Anne. Form og språk høyrer til alle. Dette gjer Haugens prosjekt demokratisk. Det står i motsetnad til filosofen Hans Skjervheims omgrep ”semantisk imperialisme”.

v. Skjervheim har skriv om ”Det instrumentelles problem”. Problemet kan oppstå når avsendaren overstyrar bodskapen sin. Bodskapen kan gå over mottakaren, heller enn å treffe han. Då er det ikkje så lett å bygge relasjon.

vi. Bodskapen i medieteksten Anne er ikkje i boka aleine. Mottakaren får det siste ordet. Han får også den siste sensoriske erfaringa:  

vii. Eit sitat frå det svenske litteraturprogrammet Babel: Det sto att ei kiste med affeksjonsobjekt etter far min. Kista var utilgjengeleg for meg. Då mytologiserte eg ho og innhaldet i henne. Eg fekk til slutt tak på henne. Erfaringa av å sjå og halde i tinga i kista var ikkje like sterk som å forestille seg dei.  

viii.

– Sjølvsagt bryr eg meg om at boka kjem frå eit dødsbu, tenkjer eg, boklånaren, mens Lars Petter Sveen sett klistremerke på Anne, og klargjer henne for heimlån. Folien som han sett på rekk ikkje over namnetrekket til den avdøydde eigaren. Men på baksida har han klistra eit merke kor det står Midlertidig registrert. Og menneska er midlertidig registerert i verda. Les Anne og bli påminna om det.

 

(Essayet var også på trykk i Klassekampens "Bokmagasin" på fredag. Men som det gjerne går når tekstar blir sendt gjennom avisenes vaskeprogram, blei nokre ord feil og nokre avsnitt mindre lesarvennlege. Å publisere det om att er ei forsøksvis venleg gest. Forfattaren av essayet er Mette Karlsvik)