Haustliste revisited

Visste du at Ragnar Hovland endeleg kjem med ny roman i haust, eller at Brit Bildøen gir ut ei bok om ein syklande Don Quijote?…

Foto: Eva Lene Gilje Østensen (Collage: Pedro Carmona-Alvarez)

Visste du at Ragnar Hovland endeleg kjem med ny roman i haust, eller at Brit Bildøen gir ut ei bok om ein syklande Don Quijote? At det kjem bøker frå Lars Ove Seljestad, Marte Huke og Tomas Espedal? Dette er noko av det som ein kan finne ut viss ein tar utgangspunkt i Kulturrådets oppdaterte liste over påmeldt skjønnlitteratur for 2011. Desse listene gir eit bilde av dei bøkene som forlaga trur skal komme dette året. Dei er nyttige å bruke som eit grunnlag i møte med forlaga, for å lære meir om kva bokhausten kan gi. Men det er ofte tryggast å vente til forlaga bankar på redaksjonsdøra og sel sine haustbøker inn til kulturjournalistane. Det er slett ikkje alle bøker som blir påmeldt som blir ferdige. Av den eine eller andre grunnen. Eit klassisk døme på mistolking av listene var frå 2009, då Dagbladet kunne melde at Bjørn Esben Almaas’ bok Sov eller snakk om kjærlighet var nulla av Kulturrådet. Då hadde journalisten samanlikna listene over påmeldt litteratur frå 2008, med dei over innkjøpt litteratur. Almaas bok blei utsett ein termin. Og den blei kjøpt inn då den kom.

Mulegheita for feiltolkning til tross: Her er lenka til lista over påmeldte bøker. Nokre av bøkene på lista vil ikkje komme i år. Ganske sikkert er at Tore Renberg kjem med ei ny bok om Jarle Klepp, og at Helga Flatland, som vann Tarjei Vesaas Debutantpris for 2010, kjem med ei ny bok om Julie og Tarjei. Vi har allereie skrive om Gaute Heivolls kommande roman, og Roy Jacobsens Anger. Frå fleire hald kjem det signal om en ny bok frå Rolf Sagen, psykologen som vann Tarjei Vesaas Debutantpris for diktsamlinga Dørklinker i 1966, som har starta Skrivekunstakademiet i Hordaland, og som med boka Far og son (soga om Pjakk) kan gi ut sin tjuande bok. Frode Grytten kjem med ei bok på Oktober Forlag i haust. Pedro Carmona-Alvarez kjem med sin tredje roman. Carmona-Alvarez hadde sitt store gjennombrot som forfattar i 2009, med storromanen Rust. Årets roman får tittelen Dokkeveien revisited. Er det ein samanheng mellom Carmona-Alvarez tredjeroman, og den tredje plata i Bob Dylans "elektriske triologi", Highway 61 Revisited? Det kan ein spekulere på fram over hausten, og fram til boka er å finne i butikkane.