Hei du, følgjer du med i timen?

– Svakleiken med marknaden, er at det ikkje tek dei omsyna som trengs for ein langsiktigheit i, og grunnlag for, ei bredde i litteraturen, sa…

– Svakleiken med marknaden, er at det ikkje tek dei omsyna som trengs for ein langsiktigheit i, og grunnlag for, ei bredde i litteraturen, sa Olemic Thommessen under medlemsmøtet til Den norske Forfatterforening på laurdag. Var det difor at Finansdepartementet, som Thommessen seier det; blei det viktigaste departementet for norsk kultur?


"Vi har ein mangfaldig litteratur i Norge. Meir enn kva storleiken på landet vårt skulle tilseie. Klarar vi å halde på dette ved introduksjonen av ny teknologi og nye tider? Korleis tilpassar vi oss? Litteraturkritikken er eit døme: Kva plass har bloggarane i litteraturkritikken?"
Dette var nokre av spørsmåla som leiar i Den norske Forfatterforening, Anne Oterholm, stilte forfattarar, mediefolk, og politikarar i forkant av medlemsmøtet til DnF laurdag 20. november. Oterholm inviterte kulturministaren og andre kulturpolitikarar til å diskutere desse spørsmåla. Alle takka nei bortsett frå Olemic Thommessen, som er kulturpolitisk talsmann i Høgre, stortingspolitikar og medlem av Familie- og kulturkomiteen. Han fekk ein unik sjans til å adressere, og forsøksvis overtyde nokre av dei mest betydningsfulle forfattarane i Norge i dag.

OBS! MOMS!

Følgjer forfattarane og kritikarane med i timen? Ser dei at det litterære feltet er i ferd med å endre seg radikalt? Ser dei teikna frå politikarane? For kva betyr det eigentleg at dei legg moms på e-bøker? Betyr det at dei ikkje skjønnar kva litteratur er og skal vere? At dei har eit instrumentelt forhold til litteratur og tenker på det som eit lesefremmande tiltak?
Olemic Thommessen fekk halde det første innlegget på møtet. Han trekte nokre historiske linjer, sett frå eit personleg perspektiv. Linjene kunne ende som eit nostalgisk landskap, eller ei sentimental hengemyr. Men det blei eit heilt ok grunnlag å stå på, mens ein utforska dette spørsmålet: "Er det slik at man må endre virkemiddelapparat hele tiden?" Her er nokre av spørsmåla som eg, som artikkelforfattar er, stilte meg undervegs. Thommessens framlegg gav svar:

– Virkemiddelapparat for kva då?

– For å sikre eit mangfald av litteratur i landet.

– Kva virkemiddel inngår i dette apparatet?

– Forfattarstipend, momsfritak på bøker, og innkjøpsordning.


– Men kva med momsfritak på e-bøker eller litteraturhus?

– Norge har eit litteraturhus i kvar kommune i landet. Dei heiter "bibliotek". Det skal bare ein liten oppfriskning til, og ein litt anna tilnærming frå bibliotekarane sin side, så blir det som litteraturhus. Same shit, new wrapping, sa Thommessen med eit smil.

– Kva rolle skal staten ha for å motvirke markandskreftene?


– Marknaden sin svakleik er at dei ikkje ivaretek dei omsyn som gjer at vi har ein langsiktigheit for, og grunnlag for, ei bredde i litteraturen, svara Thommessen:

– Målet må vere å, til einkvar tid, ha ein sterk forfattarstand. Så må bransjen legge tilrette for å nå dette målet. Når det gjeld staten, så har Finansdepartementet blitt det viktigaste departementet for kultur. I neste rekke kjem Utdanningsdepartementet, Arbeidardepartementet, og så vidare, sa Thommessen, så overtydande, at Espen Haavardsholm "nesten var overtydd om å stemme høgre":

– Du snakka klokt om litteraturpolitikk, til høgremann å vere! sa Haavardsholm. Men slik ville tilhøyrarar kanskje ha kjent det uansett kva politikar som sto der oppe. Ein kan ikkje kalle det anna enn eit skup for politikaren dette, å ha så direkte tilgjenge på nokre av dei viktigaste intellektuelle i Norge for tida. Det er beklageleg for debatten, og for venstresida av politikken, at ingen frå den leiren kunne eller ville komme til møtet. Når alt kokar ned til ein buljongterning, så handla møtet om dette: Å idémyldre og drodle fritt omkring spørsmåla om "børs og katedral": om kor mykje marknaden skal få styre utveklinga framover, med nye medier, og sterke aktørar som Apple, som lagar iPad, eller "padda", som Torgrim Eggen har kalla tingen. Korleis kan også litteraturkritikken unngå å bli underordna marknadskreftene?

Kritikkkritikk

Kom du til denne nettstaden frå ein bokblogg? Det er i alle fall ein sjans for at du går frå denne sida, til ein av bokbloggane som er lista på høgresida av skjermbildet ditt. Meir og meir av samtala om litteratur blir flytta til internett og dei sosiale media. Men kor går grensa mellom "samtala om", og "kritikk av" litteratur? Forfattarar og kritikarar klagar over at dagspressa ikkje tar litteraturkritikken seriøst. Dei misliker avisene sine reduserande, litterære forbrukarvegleiinger.
Forfattarforeninga hadde samla eit panel av mediefolk for å diskutere litteraturkritikken. Utgangspunktet for diskusjonen er dette skiljet: Mellom den litteraturkritikken som blir gjort i massemedia, og mellom den som bokbloggarane driv med. Bokbloggarar er gjerne entusiastar som skriv om bøker som dei er begeistra for, og vil spre og tilrå. Dei profesjonelle kritikarane vil ha ein meir akademisk tilnærming.
Karin Haugen frå Klassekampen, Jo Randen frå Dagbladet, og bokbloggar Rune Bjerkestrand hadde kvar sine innlegg kor dei gjorde reie for måten dei omtalar og meldar litteratur. Klassekampen og Dagbladet skil seg frå kvarandre mellom anna med dei titlane dei vel å melde: KK melder aldri krim eller barnebøker, medan DB snur seg mot dei forfattarskapene som har ein brei lesarskare. Bokbloggaren Bjerkestrand melder dei bøkene han kjøper. "Og då brukar eg sjeldan fleire hundre kroner på noko som eg veit at eg kjem til å mislike", sa Bjerkestrand.

– Tidlegare statsministar Anders Vogt Rasmussen og fleire i Danmark ville "ha bort smaksdommarane". Slike populistiske fråsegn kan fyre opp under kulturelitehatet, sa Karin Haugen, som ein begynnelse på eit innlegg kor det kom fram at ho sjølv foretrekk å lese profesjonelle bokmeldarar sine tekstar om litteratur:

– Eg hentar veldig lite kunnskap om bøker frå sosiale medier og bokbloggar, sa Karin Haugen, og gav ein liten forsvarstale for "den kvalifiserte, erfarne og profesjonelle bokkritikaren". Ho sa også at Dagbladet, som inviterar 3000 nordmenn til å bli "bokmeldarar for seg", driv lesarfrieri, og siterte "utlysningsteksten" frå DB: "Har du irritert deg grønn over anmeldere som slakter favorittforfatteren din? Tenkt at dette kan du da virkelig gjøre mye bedre selv? Vel, nå får du sjansen", skriv Dagbladet, og inviterar altså "folket" til å melde bøker for seg, og gir eit lynkurs i bokmelding frå Fredrik Wandrup. Dei fyrar med det på nytt under "kulturkampen", og til å bruke dei forslitte omgrepa "kultureliten" og "folket". Jo Randen meinte midlertid at det å ha "3000 amatørmeldarar" ikkje utelukkar å bruke profesjonelle krtikarar også. Og kva med "amatørmeldarane" i bokbloggane, kva slags rolle skal dei ha? Rune Bjerkestrand gjorde det straks klart at han stort sett melder bøker han liker. Meir interessant blei det då Bjerkestrand gjorde dette poenget, og opna opp for ein heilt annan diskusjon:

– Anonym bokblogging er problematisk. Difor står eg sjølv fram med fullt namn. Eg står lageleg for hogg når eg skriv noko som andre er uenige i. Men det gjer også at lesaren veit kva ståstad eg har, og kva eg skriv i frå, sa Bjerkestrand. Det kom fram to hovudsyn for og imot litteraturkritikk i bokbloggar: Det demokratiske aspektet er på plussida. Det same gjeld det å ha "like mange kritiske røster som det finnst subjekt. Litteraturkritikk er, på botn, alltid subjektiv likevel." På minussida er det som Bjerkestrand er inne på, som er at nokre bloggarar er anonyme. Sjølv om lesarar flest tenkjer på bokblogging som samtale om og ikkje profesjonell kritikk av litteratur, så har den ein definisjonsmakt i høve litteraturfeltet. Bokblogging har hatt ein ekspansiv vekst det siste året. Her foregår mykje av samtalen rundt bøker. Samtalen kan lett bli referert til, og kan ha påverknad på sjølve kritikken av litteratur. Nokre av bloggarane kan ha interesser som lesarane ikkje får vite. Til dømes så kan "nicknames" skjule det at bloggaren jobbar i eit forlag, eller på annan måte er basert.
"Finnst det argument for anonymitet?" spurte "Etikaren" i vekeavisa Morgenbladet på fredag. Eit av argumenta var at anonymitet kan gjere debatten meir sakleg: Ein brukar ikkje tid til å diskutere kven som har sagt noko, og meir tid til saka sjølv. Og saka, kva var den igjen? Jau, å trygge litterært mangfald, og sikre ein sterk forfattarstand. Bror Hagemann tok ordet, frå salen, og kommenterte spørsmålet om kritikken sin rolle:

– Når det kommersielle trykket øker, vil kritikarane vere ein viktig motkraft mot marknadsmakta, sa forfattaren:

– Viss kritikarane er dårlege, så kan ein ikkje bare "hive heile institusjonen". Det er på same måte som at ein ikkje kastar bilen bare fordi bensinen er dårleg, sa han, til sist.

(Møtet diskuterte eller nemnte bloggar som "Bokhora", "Bokdama", "Bjerkestrands hjørne av verden", "bokelsker", og litterære, sosiale medie som "bokelskere". Nettsidene nevnt av Karin Haugen ligger her, her og her.