Heider til Ingrid

Då Oktober Forlag hadde førtiårsdag forleden, fekk dei ei gåve frå Aschehoug Forlag. Gåva var eit stipend, som dei kunne gi til ein forfattar under…

aanestad_ingrid_0

Då Oktober Forlag hadde førtiårsdag forleden, fekk dei ei gåve frå Aschehoug Forlag. Gåva var eit stipend, som dei kunne gi til ein forfattar under førti år. Ingrid Z. Aanestad visste ikkje noko om dette då, og er framleis glad og rørt, når ho skildrar det for oss:
På det innramma arket eg fekk fredag, står det:
PRISBEVIS
Forlaget Oktobers jubileumsstipend
Kr 40 000
tildeles
Ingrid Z. Aanestad
Stipendet er en gave fra Aschehoug
til Oktobers 40-årsjubileum.

– Eg blei veldig glad og beæra, seier ein av dei finaste, litterære stemmene som finnst blant unge, norske forfattarar. 


Det første møtet mitt med Ingrid Z. Aanestad var på Kafé Arté i Oslo. Eg budde i Bergen, men kom med toget for boksleppet til ein venn av meg. Det hadde vore ei lang reise. No var eg i ein framand by, i eit litteraturmiljø eg enno ikkje var blitt kjent med. Eg såg alt utanfrå. Alt kjentes som i ein roman. Ein fin ein. Og akkurat då kjem ei jente med ravnsvart, krøllete hår tett opp mot meg. Eg trur at ho lener seg over bordet, kjem nærme, seier med raud munn:
– Eg har lese boka di.
Eg likte den.
Det var Ingrid Z. Aanestad, som året før hadde debutert med "I dag er ein fin dag", ei bok som eg likte å vere i. Det var noko med tonen, og at form og innhald jobba saman. Men eg visste ikkje då at jenta, som likte ei bok eg hadde skrive, var Ingrid Z. Det lærte eg då andreboka hennar kom. Ho hadde sleppefest for boka dagen etter at eg flytta til Oslo. Det var noko av den same historia. Eg hadde kommet med flyttebil, dagen før. Det hadde vore kjøring, bæring, flytting. No satt eg i ein by som skulle vere min for lang tid framover. Eg var oppteken av ikkje å trø feil. Så eg satt i ro, ved eit bord, mens Ingrid, hvis bok vi slapp, svinsa rundt, frå den eine til den andre, tilsynelatande verdsvant, og som ein uvanleg ung primadonna. Primadonna på ein god måte; utan nykker, med varme, og med venner. Fullt av venner, som song for henne, las for henne, snakka varmt om henne.
Sia dette har Ingrid skrive og gitt ut enno ei bok (Stormkyss 2(010)), fått eit treårig arbeidsstipend for yngre forfattarar, vore med Kjell Askildsen til Berlin, har vore meir og mindre fast programleiar for "Litteratur på Mono". Jau då, vi er mange om å ønske oss merksemda frå Ingrid Z. Aanestad. Heldigvis har vi bøkene hennar, som alltid står der i bokhylla. Heldigvis fekk ho no ein pris som gjer at ho kanskje kan frikjøpe seg enno meir tid, skrive enno litt meir.