«Heimekontor. Litt er som før. Takk og pris»

Bok365 kom oss i forkjøpet med sin serie om heimekontora. Men kan det bli mange nok inspirerande vitjingar heim til dei mange aktive og kreative, stadig meir…

ronnaug_i_kolonihytta

Bok365 kom oss i forkjøpet med sin serie om heimekontora. Men kan det bli mange nok inspirerande vitjingar heim til dei mange aktive og kreative, stadig meir aktive og kreative forfattarane i landet? Eg sendte nokre spørsmål om det å vere forfattar i ei tid av  pandemi og lockdown, og lot det vere opp til mottakaren å forme svaret sitt som hen ville. Rønnaug Kleiva startar serien, med denne teksten: 

 

Rønnaug Kleiva 30/3-20

 

Heimekontor. Litt er som før. Takk og pris.

 

På denne tida av året er heimekontoret mitt og leilegheita elles fylde av bøker og nysådde planter i ulike stadium på veg ut i verda . Førebels finst normalitet. 

     Om nokre dagar flyttar eg til kolonihagen min på Solvang i Oslo og har heimekontor der. Samla buflate på 35 kvadrat er perfekt når karen min kvar dag går på arbeid.

     Skrivemodus for meg har ikkje endra seg stort. Eg er lat , utset alt eg skal gjere, ventar i det lengste med å jobbe – det er difor eg alltid har heimekontor. Så kan eg sette på ein klesvask, lage noko godt å ete, ta ein telefon, kva som helst eigentleg. Eg skriv i rykk og napp, eg les i rykk og napp. Men skrivinga er alltid med meg.

     Korona-situasjonen plagar meg, ikkje døden, han har vi jo visst om før. Mest er det usikkerheita – kor lenge vil dette vare? Konsekvensane? Kva vil det gjere med livet til dei unge?

     Eg tar meg i å drøyme om å reise, at det skal vere mogleg å reise. Eg sit med atlasa framfor meg på gammalt vis og tar lyden av stadnamna i munnen. Batumi, Kutaisi, Altai…Slik eg gjorde då eg var ungdom på 60- og 70talet, og det ikkje fanst pengar til slikt som reising for folk flest. Kanskje det er dit vi skal no, korona og klima, om det går rett ille, tilbake til levestandarden då? Men var det så ille?

     På fredag etter arbeidstid hadde eg fredagspils med ungane mine på Skype, to i Oslo og ein i England.  Så eg lærer. Eg er med.

     Utanfor vindauget arbeider eit skjorepar med å gjere klart reiret sitt i toppen av eit tre, slik dei har gjort i alle dei år.

ronnaug_sjolvbilde.jpg