Aktuelt

Helsing Jon Fosse

Han har sagt at teorien øydelegg for diktinga, og liknande. Men kunne Fosse ha skrive som han gjer – utan studia sine i modernisme og dekonstruksjon?…

© Per Heimly

Han har sagt at teorien øydelegg for diktinga, og liknande. Men kunne Fosse ha skrive som han gjer – utan studia sine i modernisme og dekonstruksjon? Det var mellom anna der han byrja som skrivande, Fosse; med studiar ved Universitetet i Bergen. Han debuterte som forfattar med romanen Raudt, svart i 1983, og har sidan gitt ut romanar, skodespel, diktsamlingar, essaysamlingar, barnebøker og omsetjingar. 

Jon Fosse er i fødd i Haugesund, oppvaksen i Strandebarm, Hardanger, og har budd i Bergen det meste av livet sitt. No bur han i Statens æresbolig for fortjente kunstnere, Grotten. Men heilt frå Østerrike let han no høyre frå seg. Det er Eldrid Lunden som har lokka ei låt ut av diktaren og dramatikaren, omsetjaren og redaktøren, læraren og konsulenten. Mellom Fosse sine mange roller, er dramatikaren den mest kjente. Tekstane hans blir sagt høgt på tretti språk, og han er av dei mest spelte nolevande dramatikarar i heile verda. Men Fosse sin poesi har også ei rekkje andre former, og kjem stundom som dikt. No gir han dette diktet til DnFs poesiserie, til denne slags litteraturstafett som går mellom kollegar i foreininga. Fosse sin produksjon og aktivitet framstår nesten som endelaus, namnet hans dukkar stadig opp i prosjekt frå dei siste tiåra.

Bare hans eigen bibliografi – på norsk – tel over førti titlar. Nesten alle er gitt ut på Det norske Samlaget. For Samlaget redigerer Fosse ein serie for omsett dramatikk. Dramatikkens Hus – og før det – Det åpne Teater er ein annan plass der Fosse har vore viktig – som tekstkonsulent, tekstforfattar, eller i opptakskomitear. Skrivekunstakademiet i Hordaland har òg fått hjelp frå Fosse gjennom tida. Han var sjølv elev ved dramatikarutdanninga der. Den tidlegare rektoren ved skulen, Tormod Haugland, er den som Fosse oppmodar til å gi dikt til neste veke.