i skallet av det tomme Nasjonalbiblioteket

Arne Ruste har ikkje berre skrive viktige tekstar Han har vore viktig for andres tekstar. Forfattaren har òg vore forlagsredaktør og – konsulent, dagleg leiar…

ruste_arne

Arne Ruste har ikkje berre skrive viktige tekstar Han har vore viktig for andres tekstar. Forfattaren har òg vore forlagsredaktør og – konsulent, dagleg leiar i Norsk Forfattersentrum, og tidsskriftsredaktør – og har lese andres tekstar både på jobb og fritida, som venn eller med mandat for å tilrå eller ikkje tilrå. Og det var nettopp å høyre det frå Arne Ruste, eit av hans førebilde innanfor poesi, som fekk ein forfattar som Thorvald Steen til å halde fram med å skrive dikt, og debutere som forfattar (i 1983 med boka som bær det fantastiske namnet Hemmelighetsstemplede roser.)

Ruste debuterte sjølv ti år før dette, også han med dikt. Etter Askeladd har han gitt ut ni andre diktsamlingar, ein roman, essays, og gjendiktningar. Han satt i DnFs litterære råd, og har hatt statens garantiinntekt.