Aktuelt

Innspel frå utsida: å debutere hausten 2007

Det går rykte om to ting når det gjeld å debutere. Det eine er at debutantar får mykje mindre merksemd frå media no enn kva…

Agnes Ravatn - Foto: Paul Bernhard

Det går rykte om to ting når det gjeld å debutere. Det eine er at debutantar får mykje mindre merksemd frå media no enn kva som var vanleg før. Eg synest ikkje eg har nokon grunn til å klage. Eg har fått mange bokmeldingar, og i dei få intervjua eg har gjort hadde eg så liten kontroll på kva eg sjølv sa, og kva journalisten enda opp med å skrive at eg hadde sagt, at eg er glad det ikkje var fleire av dei. I eit stort felles debutantoppslag i Aftenposten, samanlikna journalist Frank Lande (debutant i 2006) det å debutere med bok med å debutere seksuelt. Litt lenger ned på sida var eg sitert med: Jeg har alltid hatt ein vanvittig diktetrang! Lesarane blei dermed ikkje gitt andre tolkingsmulegheiter enn at eg har ei ekstrem og ustyrleg kjønnsdrift, noko eg gjerne vil tilbakevise her og no.

Det andre ryktet går ut på at den uskrivne regelen om at litteraturkritikarane skal fare litt ekstra fint med debutantar, ikkje gjeld lenger. Etter dei to første meldingane eg fekk, som begge var negative, vurderte eg å skrape saman nok pengar til å forlate landet og gå under jorda for ein kortare eller lengre periode. Og då folk kom til meg og sa: Høyrer du har skrive ei bok! Jøss, den gler eg meg jammen til å lese! pla eg litt bistert og nedtrykt å svare: – drit i det, les noko anna i staden. Men like etter tok det heile ei anna vending, og ein tre-fire positive meldingar kom med kort mellomrom. At dei var panegyriske vil kanskje vere å ta litt hardt i, men dei var iallfall positive. Eg kan nemne at Odd W. Surén i Dag og tid var ein av mine hardaste kritikarar, og eg registrerer jo no at han bruker mykje tid på å gjere det godt att, bl.a. ved å føreslå meg til denne spalta. Det er fint gjort av han, men streng tatt ikkje nødvendig.

Når det gjeld salstal har eg ikkje nokon oversikt, men eg trur eg kan seie at eg ikkje har nokon urealistiske førestillingar. Og når venner kjem til meg, overstrøymande glade, og seier: eg skulle kjøpe boka di i dag, men den var heilt utseld! så veit eg nok kva det eigentleg betyr. Men takk vere ein deltidsjobb på det offentlege biblioteket i Bergen har eg iallfall til ei kvar tid full kontroll over utlånsstatistikken, og denne vaktar eg over som ein hauk. Dei to største lesargruppene mine er 1. folk frå Ølen, heimstaden min, som trur eg kanskje kan ha skrive noko om dei i boka, og 2. folk eg arbeider saman med på biblioteket, som trur eg kanskje kan ha skrive noko om dei i boka.

Det viktigaste spørsmålet er vel uansett: Har debuten gjort meg til eit lykkelegare og meir heilt menneske? Tja, dei pengane eg ein gong fekk er no borte, og det einaste eg sit att med er ein haug med falske venner og eit lite alkoholproblem. Men vissheita om at det er muleg å gjere andre ting enn det totale sisyfosarbeid her i livet, t.d. ved å skrive bøker, er god. Og framfor alt: etter debuten har tillete meg å bli meir sjølvsentrert, og det er absolutt ei behageleg kjensle.