Jon Fosse: − Redsla tok språket frå meg

«Det var på ein måte som om redsla tok språket frå meg, og at eg så å seia måtte ta det tilbake. Og skulle eg klara det kunne eg ikkje gjera det på andres vilkår, men på mine eigne. Eg byrjar skriva eigne tekstar, små dikt, små forteljingar. Og eg opplevde at å gjera det gav meg tryggleik, gav meg det motsette av redsle.»

– Frå Nobelprisførelesinga til Jon Fosse i Stockholm

Foto: Agnete Brun

«Då eg gjekk på ungdomsskulen skjedde det brått. Læraren bad meg om å lesa høgt. Og som frå ingenstad kom brått ei redsle over meg som heilt overvelda meg. Eg liksom forsvann inn i redsla og var berre den. Eg reiste meg og sprang ut or klasserommet,» sa Jon Fosse i førelesinga.

Heile talen:

https://www.nobelprize.org/prizes/literature/2023/fosse/215846-nobel-lecture-norwegian/

«I prosaen min har kanskje alle repetisjonane ein liknande funksjon som pausane i dramatikken. Eller eg tenkjer det vel kanskje slik at medan det i stykka er ein taus tale, så er det i romanane eit taust språk bak det skrivne språket, og skal eg skriva godt så må dette tause språket også skrivast fram, til dømes er det i Septologien dette tause språket, for no å ta eit par enkle, konkrete døme, som seier at den første Asle og den andre Asle godt kan vera den same personen, og at heile den lange romanen, på rundt tolv hundre sider, eigentleg kanskje berre er ei framskriving av eit utdrege no.»

«Men det å skriva har nok blitt ein vane eg ikkje kan klara meg utan – kanskje kan ein med Marguerite Duras kalla det ein sjukdom – så eg bestemte meg for å gå attende til der det byrja, til å skriva prosa og eitt og anna diktet, slik eg hadde gjort i godt og vel eit tiår før eg debuterte som dramatikar.»

«Dei første bøkene mine fekk temmeleg dårleg kritikk, og eg bestemte meg for at eg ikkje skulle høyra på kritikarane, eg skulle stola på meg sjølv, ja halda fast ved mitt. Og om eg ikkje hadde gjort det, ja så hadde eg slutta skriva etter at debutromanen Raudt, svart kom ut for førti år sidan.»

The speech in English:

https://www.nobelprize.org/prizes/literature/2023/fosse/lecture/