Julemarknad med meining

Henning "luftpus" Bergsvåg spelte julesvisker, Gunvor Stenrud bydde på pepparkaker frå store spann, og Jan Erik Vold pakka ut fleire esker med årgangar av "Basar"….

Henning Bergsvåg, Eli Sol Vallernes, Edvard Hoem

Henning "luftpus" Bergsvåg spelte julesvisker, Gunvor Stenrud bydde på pepparkaker frå store spann, og Jan Erik Vold pakka ut fleire esker med årgangar av "Basar". Med stor takhøgd, og djup raude sceneteppe, likna Wergeland meir på ein katedral enn ein børs då forfattarane hadde julemarknad der på søndag.

Som dramatikar, skal Shakespeare ha jobba ut frå dette: Eit oppsett skodespel = tilgjenge til ålementa for eit par timar nokre kveldar. Det gir noko av den same kjensla når Jan Erik Vold får eller tar ordet. Når vi høyrer han snakke offentleg, så er det gjerne for ei sak så mykje større enn han. Det handlar om Bislet, om trikken, Oslo, Gunvor Hofmo eller Sverre Udnæs. Julemarknaden til DnF var ikkje noko unntak. Vold fekk talarstolen for eit kvarters tid. Konteksten: julemarknad, julegåvetankar, juletankar, pepparkaker. Alt låg opp til eit førjulskåseri. Vold nytta høvet til å snakke om Oslo. Om skøyting først, sänn om Stockholm og at det på søttitalet var fleire symjehallar i Oslo enn i Stockholm. Ingen kunne symje som unga i Oslo, og særleg ikkje dei frå Sagene og Bislet, fortalte Vold, og sendte eit stikk til Thon, som fekk kjøpe Bislet Bad for ein slikk og ingenting – mot at dei lova å drive eit offentlg bad der i minst ti år. Og vel er Bislet ope og i drift. Men graden av tilgjenge til ålementa er relativ. Ein einaste inngangsbillett kostar 115 kroner. Kor demokratisk er det?

Og med det las Vold eit dikt, kor det mellom anna handla om det å komme ut frå den lange varme dusjen, og kom ut i den kjølige symjehallen. Med armane om bringa, sto han og grudde seg for å gå ut i vatnet. Men ein kunne velge mellom varmt og kaldt, sa Vold. Og i Wergeland, Litteraturhuset, valte Vold varmt. Han valte engasjement, han valte Oslo framfor Stockholm denne kvelden.

Angell 2002

Med seg i kofferten hadde han fleire titals kilo med bøker. Ei av eskene han opna, har påskrifta "Etterlatt Hofmo", med løkkeskrift. Frå denne eksa drog han opp fleire årgangar av tidsskriftet Basar. Basarblada la han over scena i Wergeland, til stor interesse for dei eldre som vitja marknaden. Vi såg Edvard Hoem komme gjennom lokalet. Torgeir R. Pedersen gjekk gjennom rommet. Bjarte Breiteig og familien var her, og der. Ann Kavli lyste opp rommet, og Brit Bildøen satt der og snakka med ei venninne av seg. Forlagsarbeidarar som Ragnfrid Trohaug var her, og journalistar som Martin Grüner Larsen. Henning Bergsvåg fann sin gamle helt Pelle Parafin, og underteiknande fekk kjøpt gåver til alle tantebarna til jól, som til dømes den fantastiske "Snakk til Katten" av Rønnaug Kleiva. Vi fekk og tak på eit eksemplar av "Angell 2002". Det er ein biografi som jan Erik Vold har skrive om kamerat og norsk beatpoet Olav Angell. Angell sjølv var desverre ikkje innom og helste på gamle kollegaer, då han er sjuk. Vi sender varme tankar og ønsker han lykke til med helbredet.  

Ingvild Burkey (foran), Anne Oterholm (bak Burkey), og andre tilhøyrarar lyttar til opplesning under julemarknaden på søndag.