– Kan lese nynorsk

Reykjavik Internasjonale Litteraturfestival hadde det aller siste arrangementet sitt i går kveld. Det foregikk på Nordiska Husiđ. Vinnar av Nordisk Råds Litteraturpris, Gyrðir Elíasson snakka….

Reykjavik Internasjonale Litteraturfestival hadde det aller siste arrangementet sitt i går kveld. Det foregikk på Nordiska Husiđ. Vinnar av Nordisk Råds Litteraturpris, Gyrðir Elíasson snakka. I salen satt romanforfattar Kári Tulinius, vår allierte på festivalen der borte. På bestilling gjekk han opp til Elíasson og spurde han om tilhøvet til norske forfattarar.
– Det er vanskeleg for meg å lese skandinaviske forfattarar på originalspråket. Men nynorsk, det får eg til, sa Elíasson, og nevnte særleg Jon Fosse og Olav H. Hauge som favorittar. Og bra for Elíasson at han kan lese Fosse på originalspråket. Det finnst ikkje islandske eller engelske omsetjinger av den norske forfattaren i islandske bibliotek. (Bilde: Frå plassen mellom Nordiska Husiđ og Universitetet på Island flaggar ein alltid med alle dei nordiske flagga)