Klokt av Helleland

I april 2015 la Kulturdepartementet fram forslag til endringar i lova som oppfølging av utgreiinga Gjennomgang av Norsk kulturråd. I høyringsrunden møtte fleire av forslaga stor motstand…

sigmund_og_linda_helleland

I april 2015 la Kulturdepartementet fram forslag til endringar i lova som oppfølging av utgreiinga Gjennomgang av Norsk kulturråd. I høyringsrunden møtte fleire av forslaga stor motstand frå mellom anna kunstnarorganisasjonane. Forfattarforeininga og Kunstnernettverket var blant dei som påpeikte at enkelte av forslaga ville føre betydeleg svekking av den kunst- og kulturfaglege kompetansen i råd og utval.

På møte i Norsk kulturråd den 25. februar kunngjorde ministeren at ho ikkje vil gjere endringar i lova. Det er svært gledeleg at Helleland har tatt omsyn til høyringsinstansane og vil verne om eit kulturråd der kunst- og kulturfagleg kompetanse blir sett i høgsetet.