Korleis går det med prisvinnarane?

DnF ønskjer framover å oppdatere informasjonen om tidlegare vinnarar av Ytringsfrihetsprisen. Ein av dei som det er ein del skrive om i vestlege medium –…

dawitfamilie

DnF ønskjer framover å oppdatere informasjonen om tidlegare vinnarar av Ytringsfrihetsprisen. Ein av dei som det er ein del skrive om i vestlege medium – utan at det har hjulpe mykje på situasjonen hans, er Dawit Isaak. Den eritreiske journalisten og dramatikaren fekk Ytringsfrihetsprisen i 2009. Han var då allereie fengsla for ytringane sine. Isaak er framleis i fengsel i Eritrea. Familien hans bur i Sverige. Svenske medier og styresmakter følgjer Isaaks sak i Eritrea. Men det er uklart korleis situsjonen hans er. Vårt land skreiv sommaren 2015: "Til tross for betydelig internasjonalt press, vet ingen hvor han er, eller om han fortsatt lever". Rørsla "Free Dawit Isaak" driv no ein underteikningskampanje for å få Isaak fri.